Fornybar energi og klassisk naturvern – eit miljødilemma

Norge har gode forhold for vindkraft. Men vindkraftverk på land kan også ha store konsekvensar for norsk natur. Naturinngrep, miljøøydeleggingar, støy, lys, øydelegging av naturmangfald og reduserte naturopplevingar er nokre sentrale innvendingar. I nokre område er verneverdiane så store at det er uforeinleg med utbygging.

NVE har levert rapporten «Nasjonal ramme for vindkraft» som utpeiker områder som kan være eigna for utbygging: m.a. er Gulen, Nordhordland, Sunnhordland drøfta som utbyggingsområder. Mange av lokalsamfunna i områda det gjeld har vore tydelege på at dei ikkje ønskjer dette. NVE sitt kart er ikkje eit utbyggingskart. Berre ein liten del av dei utpeikte områda vil vere aktuelle som utbyggingsområde.

Behovet for fornybar energi er stort og eit mangfald av energikjelder er nødvendig. Spørsmålet er korleis. Kanskje er landvind noko av svaret. Samtidig krev klimakutt at ein får til eit ønskje hos befolkninga og lokalsamfunn om at dette skal skje. Hordaland Venstre ber Venstre om å vurdere om kommunane bør få en vetorett. Fleire lokale skatteinntekter kan også være eit grep, for å skape insentiv. Det bør også satsast på å gjere opprusting av vasskraftverk og linjenett meir lønsamt.

I europeisk samanheng kan det også være vanskeleg for Norge å få eksportert kraft, på grunn av begrensninger i det europeiske nettet når det gjeld kapasitet. Men det finst ulike syn på dette i fagmiljøet. Situasjonen her kan også påverke prisen på vasskraft/magasinkraft.

Interessekonflikt av ulike slag tilseier at vindkraft ikkje nødvendigvis må bety vindkraft på land. Teknologi for havvind må utviklast ytterligare, ikkje minst for å henge med på det teknologiske kappløpet. Ikkje minst gjeld det havvindinstallasjonar som ikkje treng fastmontering i havgrunn. Det grøne skiftet bør i større grad rettast mot olje- og gassnæringa og dra nytte på offshorekompetansen for å få vindmøllene til havs, før vi beslaglegg for mykje urørt natur og reinbeiteland. Støtteordningane som gjer at ei satsing til havs får dei insentiv som trengst for å vere lønnsam bør vidareførast og styrkast.

Satsinga på havvind er viktig for industrien her i vest. Store verft som Kværner Stord og Aibel i Haugesund – som i dag stort sett produserer til petroleumsnæringa – satsar mykje på å produsera transformatorplattformar til vindkraftindustrien. Samstundes som Equinor nyleg fekk samanstilt flytande havvindmøller på Eldøyane på Stord til Hywind-prosjektet, som i desse dagar står utanfor kysten av Skotland. Teknologien til massiv utbygging av vindkraft til havs finnes i den massive eksisterande verftsindustrien.

Hordaland Venstre vil:

  • Vidareutvikle og styrke støtteordningane for utbygging av vindmøller til havs
  • Begrense utbygging av vindkraftanlegg på land og gje kommunane vetorett
  • Ha ei strategisk satsing på opprusting av vasskraftverk.
  • Prioritere klassisk naturvern høgare i saker om vindkraftutbygging
  • Revidere skatteregimet knytt til ulike kraftinvesteringar

 

Fråsegn vedtatt på styremøtet til Hordaland Venstre 21. juni 2019

Kontaktperson: Fylkesleiar Åsta Årøen, 995 22 847, [email protected]