Grøn innovasjon i Vestland

Future of the Fjords, Brødrene Aa

Venstre leggjer til rette

Høgskulen på Vestlandet

Venstre har lenge snakka om grøn innovasjon og lagt til rette for dette i praktisk politikk på Vestlandet. No ser vi at dette slår positivt ut i ei ny undersøking som Høgskulen på Vestlandet har gjort, der dei har intervjua bedrifter om deira planar for grøn utvikling av eigen arbeidsplass. Heile Vestlandet viser veg i denne utviklinga.

Heile 41% av bedriftene kan fortelje at dei i løpet av dei tre siste åra har introdusert ein eller fleire grøne produktinnovasjonar i marknaden. Venstre har sett seg som mål å vere pådrivar for denne utviklinga også i det nye Vestland fylke.

Samarbeid og openheit

Eit nøkkelomgrep er samarbeid og openheit mellom bedriftene og at det må leggast til rette for grøn innovasjon frå myndigheitene. Det kan dreie seg om støtteordningar, undervisning eller kursing, samlingar og føredrag, samt ein stad å vende seg til når ein ønskjer å gjere noko nytt og ukjent og ikkje veit kvar ein skal starte.

Future of the Fjords

Høgskulen framhevar i si undersøking at det nettopp er denne opne strukturen og samarbeidet, både innanlands og utanlands, særleg på tvers av bransjane som er suksessfaktorane. Dette stiller krav til oss politikarar at vi er bevisst på denne problematikken, slik at vi gjer dei nødvendige grepa som næringslivet treng.

Alle Venstre sine politikarar dreg på bedriftsbesøk hos desse bedriftene for å lære kva dei gjer riktig og kvar skoen trykker. I førre periode var det spesielt småbryggeria og gardane som driv med utsal som vart oppsøkt og laga god politikk for. Dette ser vi igjen i at mange no er i stand til å selje kortreist mat og skape arbeidsplassar ute i distriktet.

 

Ordførerkandidat for Vestland Venstre Gunhild Berge Stang

Vi ser også at krav til industrien skapar nye interessante og berekraftige bedrifter. Som då fylket laga anbodsprosess som har gjeve oss ein ny industri innan batteriferjer og hurtigbåtar. Industrien er ikkje redd for at det vert stilt krav til dei. Tvert om; der det stillast store krav er det lett å konkurrere fordi krava er spesifikke og alle konkurrentane må halde seg til dei.

Det er når det ikkje vert stilt krav, nokon startar å lage «lure» løysningar. Eller dei omgår kvalitetsnormer som fordyrar og gjer at dei som fuskar får ein betre konkurransesituasjon.

Det er ingen tent med.

 

Gunhild Berge Stang,

Fylkesordførarkandidat,

Venstre.