Ta grøne val

Dei neste ti åra er dei mest avgjerande for å få til ein klimasnuoperasjon. Dette krev ei bevisstgjering og ei handlingsendring hos den enkelte. I klimaspørsmål er det viktig å tenka globalt, men handla lokalt. Samstundes må naturressursane forvaltast og brukast med omtanke og med omsyn til naturen sine eigne tolegrenser.


 

 

Venstre vil:

  • arbeida for ein kommunal klimaplan med konkrete mål og tiltak
  • gå over til blomster-eng ved enkelte kommunale grøntanlegg for å sikra artsmangfaldet – og redda biene!
  • redusera bruk av plast og premiera gode tiltak
  • ta vare på den produktive jorda
  • ha reduksjon av CO2-utslepp
  • vurdera å endra system for transport av avfall frå sorteringsanlegget til deponi