Kapittel 1 – Venstres verdigrunnlag

Venstre er Norges einaste sosialliberale parti. Venstres idéfundament og ideologi er forankra i respekten for den enkelte sitt menneskeverd, den enkelte sitt sosiale ansvar, eit liberalt verdisyn og eit økologisk heilskapssyn.

Venstre vil arbeide for eit samfunn som byggjer på demokrati, rettsstaten, ein regulert marknadsøkonomi og eit aktivt sivilsamfunn. Venstre ynskjer at mykje fridom for den enkelte må kombinerast med samfunnsånd og medansvar for å møte fellesskapet sine behov og utfordringar.

Menneskeskapte klimaendringar med tap av natur og artsmangfald er vår tids største utfordring. Klima- og miljøpolitikken må derfor vere førande for alle andre politikkområde. Vidare må folkehelseperspektivet gjennomsyre alle samfunnsområde.