Innbyggjarar framfor utbyggjarar

Kven skal setje premissane for bruk av urørt natur? Kommersielle utbyggjarar eller innbyggjarane i kommunen? Svaret burde gje seg sjølv. Likevel er det ofte dei store utbyggjarane som går sigrande ut når spørsmålet kjem opp: Skal ein halde fast ved vedtekne reguleringsplanar eller gje dispensasjon?

Øystre Slidre, og særleg Beitostølen, er ein motor i hyttenæringa i Valdres. Kommunen har 3218 innbyggjarar fordelt på 1430 einebustader. Til no har vi 2478 hytter rundt om i kommunen. Den klart største delen av oss livnærer seg på varehandel, hotell, restaurant og samferdsle. (Tal frå SSB). Det er ikkje vanskeleg å forstå at hyttebygginga er eit økonomisk gode for innbyggjarar flest. I iveren etter å tiltrekkje oss nye inntektskjelder kan ein likevel gløyme kva det er som er den fremste verdien; naturen.

Tenk deg at du har investert i eiga hytte. Du har fått tomt med utsikt mot fjell og myrar. Kommunen har planar som seier at det ikkje skal byggjast meir her. To år seinare har eit stort utbyggjarfirma vore og snusa på området, målt opp og teikna planar om eit nytt stort hyttefelt som dei legg fram for kommunen. Kommunen held fast ved at dette er utanfor reguleringsplanane, men om utbyggjar vil, så kan han jo lage ei fullstendig plan, men då må det også følgje med ei konsekvensutgreiing. Då kan kommunen vurdere det på ny. Når dei ferdige planane ligg på bordet, ser politikarane eit felt med lekre, arkitektteikna hytter som «kviler i landskapet», vegar og straum og vatn og avløp er gjort nøye greie for. Og konsekvensutgreiinga kan ofte slå fast at minuset ved å byggje ut myr og beitemark blir vege opp for verdien av rekreasjon, barnevenlege område og arkitektonisk tilpassing. Dessutan har jo utbyggjaren allereie investert så mykje i desse planane, dei ventar berre på å setje spaden i jorda, eller gravemaskina i myra. Kan ein seie nei då? Er ikkje det bakstreversk og lite framtidsretta?

Fleire hyttefolk på Beitostølen gjev uttrykk for ei fortviling over inkonsekvensen i kommunen. Område etter område med verdifull urørt natur blir til nye hyttefelt. Nyslåtte hytteeigarar er nøgde, heilt til kommunen utvidar grensene på ny og dei også mister det dei kom hit for, nemleg rekreasjon. No må dei leve hyttelivet med dumparar og gravemaskiner og betongbilar medan utsikta blir teke frå dei, bit for bit. Som deltids innbyggjarar kjenner dei på ei maktesløyse i ikkje å bli høyrt.

Og kommunen med det flotte slagordet, ”Rein naturglede”, argumenterer med offensiv næringspolitikk medan vi sagar av greina vi sit på.

Øystre Slidre Venstre har sikkert vorte sett på som bakstreverske i utbyggjar-perspektiv. I spørsmål om dei stadige utvidingane av hyttefelt har Venstre hatt ei tydeleg stemme. Det vesle partiet, som i mange år var det største i kommunen, har aldri sleppt tak i verdien som ligg i utmarka: Beitebruk, artsmangfald, støling, kulturlandskap og urørt natur. Øystre Slidre Venstre har kjempa og tapt mange kampar, men nokre er også vunne. Utbyggingsplanane om Vinda mobiliserte krefter som gjorde at innbyggjarane sigra over utbyggjarane. Kampen om natur, kulturlandskap og fornuftig vern er ikkje ein kamp for dei smale aktivistane, men ein kamp som både faste og deltids innbyggjarar sjølve må kjempe. No stiller Venstre med mange nye og vitale listekandidatar til valet. Og vi garanterer at Venstre framleis vil prioritere slik vi alltid har gjort: Innbyggjarar framfor utbyggjarar.

Alice Gudheim, 2.-kandidat Øystre Slidre