– Kva slags hyttekommune skal Nord-Aurdal vere i framtida?

Måndag 9. september er det kommunestyre- og fylkestingsval. I det høvet har avisa Valdres stilt seks spørsmål til alle toppkandidatane på samtlege vallister i valdreskommunane. Denne gongen: ordførarkandidat for Venstre i Nord-Aurdal, Knut Aastad Bråten.

1. Hvorfor skal folk stemme på nettopp deg som sin neste ordfører?

Fordi eg har eit stort engasjement for Nord-Aurdal kommune. Eg har stor arbeidskapasitet og ynskjer å bruke kreftene mine på å vere med å gjere Nord-Aurdal kommune til ein endå betre kommune å bu og arbeide i.

2. Hva er den eller de største utfordringene din kommune står overfor de neste fire åra?

Det er fleire utfordringar som vi kan bli meir medvitne om: Kva slags hyttekommune skal Nord-Aurdal vere i framtida, korleis kan vi skape ein god, trygg og føreseieleg psykiatriteneste og korleis kan vi skape gode arbeidsmiljø med lågt sjukefråvær? Slike ting. Men like viktig er spørsmålet om kva vi skal leve av i framtida. Korleis kan vi styrke næringslivet i kommunen og i regionen? Elles er eg opptatt av deltaking og demokrati. Lokalpolitikarane er som kjent ombod for folk i kommunen og garantistar for eit levande folkestyre. Men lokaldemokratiet gjer seg ikkje sjølv, men blir til gjennom engasjement. Det ansvaret har vi alle.

3. Bør din kommune slå seg sammen med en eller flere andre valdreskommuner i neste fireårsperiode?

Både ja og nei. Det er for tida ikkje er eit stort tema korkje nasjonalt eller lokalt, men spørsmålet vil heilt sikkert kome att i løpet av den neste perioden. Då må vi møte debatten konstruktivt og sjå Valdres under eitt. Skal valdreskommunar slå seg saman, må det gjelde alle kommunane.

4. Skal vi tillate mer spredt hyttebygging, eller bør all utbygging begrenses til allerede regulerte hyttefelt?

Det skal vere rom for noko spreidd bygging, men den store bygginga må skje meir konsentrert innanfor klart definerte område. Arealplanen i ein kommune seier noko om kor ein kan bygge, og kor ein ikkje kan bygge i ein bestemt periode, men no og då blir det også gjeve dispensasjon frå gjeldande plan. Eg trur vi er nøydd til å skape eit større medvit om bruken av dispensasjon. Utbyggjarar med store utbyggingsplanar og som ynskjer å vike frå gjeldande arealplan, må vente til planperioden er over og ny plan skal reviderast .

5. Hva er din holdning til eiendomsskatt for private hus og hytter?

Det er eg for.

6. Hvis du sjøl kunne stilt deg ett spørsmål i forbindelse med kommunevalget, hva ville det vært – og hva ville svaret være?

Kva gjer vi for å snu befolkningsnedgangen i kommunen? Til det er å seie: Folketalsnedgangen på bygdene er ikkje utslag av politikken åleine, men av kulturar, verdiar og haldningar hjå dei som bur der. Dette veit vi: Venskap og nære relasjonar er avgjerande for at folk skal bli verande. Vener er som lymfesystema i liva våre. Vi pliktar å gi dei som kjem, ein sjanse til å bli gjennom å invitere dei inn i nettverka våre.

Denne saka er saksa frå avisa Valdres