Oljekrisa som forsvann

Foto: Rebecca Amber

Vi må bu oss på endring i oljeindustrien

Illustrasjonsbilde

Vi hadde ei krise i oljebransjen og for dei som vart ramma, var det sjølvsagt både tøft og alvorleg. Men krisa bestod i at den kom brått og uventa. Det var marknadskreftene som slo inn, og dei er brutale. Dei tar ikkje omsyn til om bransjen treng tid til å omstille seg. Det gjekk frå full fart framover til bråstopp. Nokre bedrifter såg tendensane og starta omstillinga i tide. Anten fordi dei hadde tapt oppdrag eller fordi dei skjønte kor det bar.

Men det som var som ei forbanning for nokon, viste seg å vere en velsigning for andre. For som det heiter: «Naud lærer naken kvinne å spinne». Mange velutdanna ingeniørar sto utan jobb, og måtte finne seg noko anna. Då var det fleire som tok tak i eigen mastergradsoppgåve eller ein draum dei hadde gått med, og starta å utvikle heilt nye ting.

Nye bedrifter dukka opp av oljeoska og vi fekk mange nye løysningar. Mange av desse laga verkty og utstyr til industrien og nokon fant opp heilt nye ting. Felles for mange var at dei var grøne. Ein såg potensialet i å skape nye produkt som hadde miljøverdi. Vi har til dømes fått ein heilt ny industri som fangar CO2. I Bergen starta ingeniøren Jan B Sagmo og Finn Blydt-Svendsen opp selskapet Bergen Carbon Solution (BCS), eit selskap som ikkje berre fangar karbon, men som er i stand til å trekkje karbonmolekylet ut av oksygenbindinga og lage eit produkt med heilt nye eigenskapar av det. Resultatet er Karbon-Nanofiber eller diamantpulver. Dette materialet er så sterkt at ein kan utnytte det innan mange retningar som batteri, kompositter mm. Del vil seie at ein kan lage matter som er så tynne som eitt atom og som er sterkt nok til å kunne brukast. Eit par lag vil kanskje kunne brukast som karosseri på ein bil, nesten vektlaust.

BCS skal ta ut CO2 frå BIR sitt anlegg i Rådalen og reinse røyken fullstendig og lage eit produkt som er svært etterspurd og som i dag lagast ved bruk av hydrokarboner frå oljeindustrien, tilsatt skumle kjemikaliar. Dette kan dei gjere til en brøkdel av prisen. Dermed vil denne skitne industrien også bli rein.

Dette hadde ikkje vore mogleg om oljeindustrien ikkje hadde fått seg ein knekk. No må vi trappe ned oljeindustrien på ein regulert måte, slik at denne typen industri kan få tilgang på kvalifisert personell og kapital. Ved å stadig lyse ut nye leiteområde og subsidiere oljeindustrien får vi ei ny oljekrise neste gong marknaden endrar seg. Og då vert det enda tøffare for bransjen, då har mange andre oljenasjonar førebudd seg. New Zealand har stoppa all oljeleiting og skal bli fossilfri. Mange andre land jobbar i same retning. Når England og Tyskland har fått opp vind- og solcelleproduksjonen sin, er det ut med norsk olje og gass. Sjølv skipsfarten ser ut til å komme opp med andre løysningar enn fossil olje.

Då står vi igjen med ein overdimensjonert oljeindustri og ingen kundar.

Gunhild Berge Stang, fylkesordførerkandidat for Vestland Venstre