Fellesnemda Alver kommune 2 september. Stopp planane

I møte i fellesnemda til Alver kommune 2 september fremja eg tre framlegg til dokumentet planstrategi, som handlar om kva planer Alver kommune skal jobba med i 2020 til 2024.

Eg fremja:
1.Stopp planen som handlar om Sambandet Vest. Gigantprosjektet ny veg frå Radøy til Askøy.
Mi røyst og 1 uavhengig var med meg, resten mot…dei vil ha milliardvegen..

  1. Framlegg om oppstart områdeplan tettstaden Lindås. Samrøystes vedteke!
  2. Stopp planarbeidet for kystlansdsbyen med inntil 3000 bustader i Midtmarka på Flatøy. Mi røyst mot alle dei andre partia..

Alver Venstre ønskjer ein politikk der me prioritere utbetring av dårlege eksisterande vegar i Nordhordland , før me byrjar på nye dyre milliardprosjekt som vil kreva bompenger i lang tid… Difor ønskjer me å stoppe Sambandet Vest!

Områdeplanen for Lindås har eg jobba for i 4 år i Lindås kommunestyre. Heile tida har fleirtalet utsett prosjektet etter råd frå administrasjonen.
Eg har stått åleine gang på gang, no ser det ut til at dette kan verta ein realitet i den nye kommunen. Om viljen er sterk nok når alt kjem til alt gjenstår å sjå….Eg håper det!

Kystlandsbyen på Flatøy vil etter Alver Venstre si vurdering ta mykje av ressursane vekk både frå regionsenteret Knarvik, og kapasitet og ressursar vekk frå lokalsentra Frekhaug, Manger, Ostereidet, Bøvågen Vikebø og Lindås.

Eg vil ta heile Alver i bruk, og då kan me ikkje byggja ny kystlandsby med vegar, vatn, avlaup, nye skular med vidare utan at det får store konsekvenser for alle andre stadar i Alver.
Politikk handla om å prioritera, noko dei andre partia her ikkje heilt forstår, om dei meiner noko med fyndorda, å ta heile Alver i bruk…

At området også er eit flott friluftsområde, bør og vera eit sterkt argument for å ta vare på dette området, som ligg flott til midt mellom Knarvik og Frekhaug. Mange personar går tur her kvar dag! Alver Venstre går for ein politikk som handlar å utvikla eksisterande tettsteder i Alver kommune, i staden for å byggja ein ny by!

Helsing

Sveinung Toft
1. Kandidat Alver Venstre