Endeleg rassikringsmidlar til Kvamskleiva

Foto: Knut Aastad Bråten

Midlar til rassikring kjem etter fleire år med mykje påtrykk frå eit samla politisk miljø i Valdres. – Dette er ein seier for Vang og Valdres, men òg heile aust-vest-forbindinga, seier Ingjerd Thon Hagaseth, Eivind Brenna og Knut Aastad Bråten i Valdres Venstre.

På nyåret i år var Venstre-politikarane Knut Aastad Bråten og Ingjerd Thon Hagaseth – saman med ordførar Vidar Eltun frå Vang i møte med Venstre-representant i transportkomiteen, Jon Gunnes, om Kvamskleiva og midlar til rassikring. Eivind Brenna har også gjennom fleire år framsnakka arbeidet med E-16 i Valdres, både på Stortinget, i regjeringa og i fylkestinget i Oppland.

Midlane kjem no på plass etter avtale med dei andre regjeringspartia for eit par veker sidan.

– Venstre har ikkje vore opptekne av bompengar, som mange andre parti, men fekk derimot inn i avtalen auka midlar til rassikring. Vi hadde sjølvsagt eit håp om at dette ville utløyse midlar også til Kvamskleiva. No er det ein realitet, seier Ingjerd Thon Hagaseth.

– Kvamskleiva har hatt høg prioritet i kommunane og i Statens vegvesen i mange år. At det no kjem pengar til prosjektet betyr at stortingspolitikarane har lytta til bodskapen vår. Det er eg svært glad for, seier Hagaseth.

E-16 er den viktigaste ferdselsåra mellom Austlandet og Vestlandet. Vegen er 100 prosent vintersikker, ikkje minst etter tunnelutbygginga på Filefjell, som opna for eit års tid sidan. Men nokre parti står framleis på vent. Kvamskleiva. Langs vegen ferdast trailerar frå kontinentet, turistar og fastbuande, barnehageborn og skuleborn. Skredrisikoen er høg. Her er 170 dokumenterte ras (både stein og is) – kvart år.

– Vegleia er ei av dei mest trafikkfarlege strekkene langs E-16 i dag, og særleg på dagar med stor trafikk. Det er ofte ulykker her og då stoppar alt opp – med konsekvensar for næringstransport og persontransport, seier Knut Aastad Bråten.

– Vegen over Filefjell er den mest vintersikre vegen mellom aust og vest. Når andre trasear er stengde, eller jernbane og fly er innstilte, får det store, ytterlegare konsekvensar for trafikkflyten over Filefjell. Ei potensiell stenging av Kvamskleiva har difor store samfunnsøkonomiske konsekvensar for regionen vår, og for heile Sør-Noreg, avsluttar han.