Dei viktigaste valkampsakene

Sauda Venstre

Ryfylke ba alle partia i Sauda svara på ei rekkje spørsmål om dei viktigaste valkampsakene. Her kan du lesa svara frå Sauda Venstre.


1. Er det behov for å auke bemanninga i pleie- og omsorgstenesta i kommande periode?

Ja, staten må bidra med subsidier til demografisk uheldige kommunar som Sauda.


2. Vil partiet bygge fleire omsorgsplassar i kommande periode?

Kun dersom det er eit lovkrav som må oppfyllast.


3. Vil partiet redusere antal grunnskular i kommande periode?

Nei. Sauda Venstre vil behalda nærskulane.


4. Vil partiet auke kommunens budsjett til satsing på næringsutvikling i kommande periode?

Ja, dersom det er økonomi til det.


5. Vil partiet auke, redusere eller halde kommunegjelda på same nivå som nå i kommande periode?

Venstre ønskjer å redusera eller halda same nivå på kommunegjelda.


6. Kva parti er det mest naturleg for ditt parti å samarbeide med etter valet?

Venstre vil stilla seg bak Asbjørn Birkeland som ordførar.


7. Korleis skal partiet sikre at Sauda har eit godt hurtigbåttilbod i kommande periode?

Me vil auka presset på sentrale politikarar for å endra fordelingsnøkkelen slik at fordelinga vert som tidlegare. Venstre vil samstundes oppmoda om auka bruk av alternativt drivstoff på båtane.


8. Vil partiet auke kommunens budsjett til turismesatsing?

Ja.

Viss ja, kva område vil ein satse meir på?

Kulturarven og industrihistoria gir Sauda sitt særpreg. Dette bør me vera stolte av og visa fram. Nasjonalt satsast det stadig meir på kulturturisme, og dette bør Sauda vera med på.


9. Kva tiltak vil partiet gjere for klima og miljø lokalt i Sauda?

Det bør utarbeidast kommunal klimaplan med konkrete mål og tiltak. Døme på konkrete tiltak er å gå over til blomstereng ved enkelte kommunale grøntanlegg for å sikra artsmangfaldet.


10. Om partiet vil prioritere noko meir enn kva det blir gjort i dag, kva må ein kutte i?

Kommunen må sila ut og trappa ned på oppgåver som ikkje er lovpålagde. I samarbeid med politikarane må administrasjonen finna desse oppgåvene og laga ein plan for korleis desse kan reduserast.


11. Kva meiner partiet om antal hytter i Sauda og hytteareal for kommande periode?

Viktigare enn totalt antal hytter i Sauda er utbyggingstakta. Denne må ikkje bli for stor slik at interessa for tomter og hytter dalar. Marknaden er sjølvregulerande.


12. Kva er partiet spesielt opptatt av i kommande periode?

God kommunikasjon er avgjerande for busetjing og arbeidsplassar i Sauda. Satsing på hurtigbåt, veg og togbane kan gjera Sauda til eit viktig knutepunkt.

Ein god oppvekst varer livet ut. Styrking av skule og fritidstilbod er viktig. Me vil oppretthalda nærskulane og sikra trygge skulevegar for alle elevar i kommunen.

For at me skal ha butikkar, kafear og næring i sentrum må me bruka tilboda og handla lokalt. Satsing på eit levande sentrum er viktig for både bulyst og lokalt næringsliv.