Alice Gudheim ny i kommunestyret i Øystre Slidre

Foto: Anne-Marte Før

Val-mot­t­oet mitt “Gje meg ein sleng, el­les får du deng” har kas­ta av seg. Eg tak­kar og buk­kar for alle som har krys­sa og slengt meg inn i det ko­man­de kom­mu­ne­sty­ret, skriv Alice Gud­heim på Face­book. Med 22 slen­gja­rar og 15 per­son­stemmer tok ho den einaste kom­mu­ne­sty­re­plassen for Venst­re.

Det var Svein Erik Lunde som stod opp­ført i top­pen av Venst­re si liste i Øyst­re Slidre, men då tel­jin­ga var gjort opp, vart han vara og Alice Gud­heim fekk kom­mu­ne­sty­re­plas­sen. Lars Kris­ti­an Da­len står som num­mer tre og Trond Rogne som num­mer fire.

Man­ge slen­gja­rar
“Gje meg ein sleng, el­les får du deng”, var utan tvil hu­mo­ris­tisk meint, men det gav ut­slag. Alice Gud­heim fekk alt­så 22 slen­gja­rar, som den nes­te bes­te i Øyst­re Slidre. Ber­re Ove Ska­ret i Ar­bei­dar­par­ti­et var bet­re, med sine 33 slen­gja­rar.
Svein Erik Lunde fekk 21 slengjarar og 11 personstemmer, som dermed vart fem stemmer for lite mot Alice.
– Eg had­de in­gen sto­re for­vent­nin­gar, men eg var jo klar over at eg kun­ne bli vald inn et­ter­som eg stod på and­re­plass på lis­ta. Det er jo moro då, sei­er Alice når avi­sa Vald­res rin­ger.

På Face­book skriv ho at ho “gler seg til å bli litt klo­ka­re i åra som kjem”.
– Eg er fersk po­li­ti­kar og mel­de meg inn i Venst­re i vår, forklarar ho.

Les meir i Avisa Valdres her!