Arbeidar for ny fjellpolitikk

Knut Aastad Bråten

FJELLPOLITIKK: «Regjeringen vil vurdere nærmare om det er behov for en sterkere statlig involvering når det gjelder forvaltning av fjellområdene», fortalde miljøminister Ola Elvestuen tidlegare i år, på spørsmål frå vararepresentant til Stortinget, Ingjerd Thon Hagaseth. Under Landskonferansen i Venstre denne helga stadfesta Elvestuen dette. Han er kjent med at tema om fjellgrenser og arealforvalting står høgt på dagsorden i Valdres, og oppmoda valdrisane til å arbeide vidare med regional arealforvalting.

– Valdres Venstre vil no ta eit initiativ overfor Valdres-kommunane for å konkretisere ideane om ein pilot for ein regional forvaltning av fjellområda, seier Knut Aastad Bråten.

– Dette er eit nybrottsarbeid der Valdres bør vise veg, til dømes gjennom å utvikle ein Valdres-modell for eit regionalt fjellsamarbeid, seier Ingjerd Thon Hagaseth.

Ei tidlegare sak i avisa Valdres kan du lese her!