Interpellasjon for Alver Kommunestyre

Interpellasjon for Alver Kommunestyre

Frå : Venstre v/ Sveinung Toft
Møte i kommunestyret den 20.02.2020

Sak: Kjøp av friområdet innanfor reguleringsplan for Lonenen

I samband med at områdeplanen for Lonene vart slutthandsama i kommunestyret i Lindås i møte den 26.09.2019, k.sak 056/19 gjorde kommunestyret følgjande vedtak.
«KO – vedtak:
Kommunestyret har vedteke områdeplan for Lonena – plan-ID 1263-201610 i samsvar med
plan- og bygningslova § 12-12, med dei endringane som er lagt fram i saka. (Rådmannen si
tilråding), med følgjande endring:
· 6.3.2 Før det kan gjevast igangsettingsløyve for meir enn 100 bustadar innanfor
områdeplanen og for alle byggjeområder langs Lonsvegen, må venstresvingefelt
E39- Lonsvegen vere ferdig opparbeida.
· 6.3.3 Byggjeområdene i områdeplanen og alle byggjeområder langs Lonsvegen
kan ikkje utbyggast med meir enn 500 bustader.
Kommunestyret bed rådmannen om å starte opp prosessen med å få kjøpt ut friområde i
Lonane – Plan-id 1263-201610»

Venstre meiner at kommunestyret sitt samrøystes vedtak (jf. siste punktet i vedtaket) om å kjøpa friområdet innanfor områdeplanen for Lonene er svært viktig å få gjennomført. Det er viktig både for at innbyggjarane skal vera sikra å kunna bruka dette flotte natur og friluftsområdet i framtida, og fordi området har stor verdi for mange innbyggjarar i Alver kommune.
Venstre ber om at ordførar i møtet orienterer om kor langt denne kjøpsprosessen er gått, og om møtene/ drøftingane som har vore mellom kommunen og grunneigar i denne saka. Det er og sterkt ønskjeleg at kommunestyret får vite kor tid ein forventar at endeleg kjøpsavtale kan koma opp til politisk handsaming i Alver kommunestyre.
Dersom forhandlingane skulle vera vanskeleg ønskjer Venstre at kommunestyret får vite meir om alternative prosessar som er naudsynt for snarast å sikre offentleg kjøp av området til ein fornuftig pris.
Venstre ønskjer og å vite om Alver kommune har hatt kontakt med Miljødirektoratet i saka, med tanke på eventuelt statleg bidrag/ tilskot til kjøp av området.