Fråsegn: Stad Skipstunnel: Ingen fleire utsetjingar!

Under fylkesårsmøtet på Voss i helga vedtok Vestland Venstre ei fråsegn om Stad Skipstunnel:

Vestland Venstre krev at det vert avsett minimum 60 millionar kroner til oppstartløyving for Stad skipstunnel på statsbudsjettet for 2021.

Stad skipstunnel er det einaste store investeringsprosjektet i Nasjonal Transportplan (NTP) innanfor sjøtransport, og ein føresetnad for å binde Vestlandet saman sjøvegen og auke tryggleiken for ferdselen til sjøs. Prosjektet har støtte av eit samla Vestland, og av næringslivet langs heile kysten.

Stad skipstunnel er fullfinansiert i NTP med ein kostnad på 2,9 mrd. i 2019-kroner. Prosjektet er grundig utgreidd, reguleringsplanen er vedteken, og kvalitetssikring gjennomført. Etter bestilling frå Samferdsledepartementet har Kystverket fått ned kostnadene i prosjektet ytterlegare. Skipstunnelen kan byggjast nærare 300 mill. kr. under kostnadsramma i NTP. Stortinget har vedteke byggestart på Stad Skipstunnel i inneverande stortingsperiode (2017-2021). Dermed er Statsbudsjettet for 2021 siste sjanse for å innfri tidlegare løfte frå Regjering og Storting.

Allereie i dag må fleire hundre fartøy, både fôrbåtar, servicefartøy, brønnbåtar, slaktebåtar, fraktefartøy av ulikt slag, samt slep av utstyr, ligge verfaste sør og nord for Stad. Alle desse fartøya vil kunne nytte Stad skipstunnel. I framtida vil talet båtar på strekninga auke kraftig, grunna venta sterk vekst i fiskeri- og sjømatnæringane.

Fordelane med Stad skipstunnel er mellom anna redusert risiko for havari og oljesøl, redusert drivstoff-forbruk, utslepp og tidsinnsparingar, samt stort potensiale for å flytte gods og passasjerar frå vei til sjø. Tunnelen vil opne for eit betre kollektivtilbod langs heile Vestlands-kysten, og skape ein større bu- og arbeidsmarknadsregion på Nordvestlandet.

I tillegg er det sannsynleg at realisering av tunnelen vil føre til nye nullutsleppsfartøy som kan gå indre farleia, og dermed vere viktig for å nå måla om raske kutt i klimautsleppa i Noreg.

Stad skipstunnel er også viktig for utvikling av reiselivet i regionen. Stad skipstunnel vil opne nye moglegheiter for persontransport langs kysten og bli en døropnar til spektakulære opplevingar både sør for, nord for og på Stad. Dei 5 millionane som vart løyvde på statsbudsjettet for 2020 er berre planleggingsmidlar. Det må kome oppstartsmidlar på statsbudsjettet for 2021 for å oppfylle Stortinget sitt vedtak av Nasjonal Transportplan, og for at regjeringa skal oppretthalde truverdet i saka.

Fråsegn vedteke av årsmøtet i Vestland Venstre 9. februar 2020