Fråsegn: Vi treng ein ombruks- og reparasjonsrevolusjon: Momsfritak er det som trengs

FNs bærekraftsmål (Foto: FN), Foto: FN

Under fylkesårsmøtet til Vestland Venstre på Voss i helga vart det vedteke ei fråsegn om ombruk og moms:

Verda har ei berekraftkrise, og Noreg er ein versting. Trass i vasskraft, reine byar og elbilar på vegane her heime, er Noreg ein global versting i CO2-utslepp og ressursbruk. Noreg har den høgaste ressursbruken (materielt fotavtrykk) per innbyggjar i Europa, og 6. høgast i verda blant dei 163 landa i siste kartlegginga frå Sustainable Development Index. Den viser òg at vi har høgast CO2-utslepp per innbyggjar i Europa og 10. høgast i verda.

Dersom Noreg meiner alvor med sine klima-ambisjonar, og ønskjer å ha truverde på miljøfeltet, kan vi ikkje slå oss til ro med ein slik situasjon. Noreg må redusera ressursbruken drastisk. Difor meiner Vestland Venstre at fjerning av moms på reparasjonar på varer som klede, sko, kvitvarer, brunevarer, elektronikk og møblar, og på ombruk av aktuelle forbruksvarer, vil vera eit viktig steg i rett retning. Det passar òg med Venstre sitt mål om overgang frå raud til grøn skatt, og at grøne val skal løna seg.

Bruktbutikkar som Fretex, sykkelverkstader, Second Hand-klesbutikkar og antikvitetsbutikkar må betala moms på varene dei sel. I realiteten vert det då dobbel moms på same vare, då det vart betalt moms på vara også då den var ny. Dette er urimeleg i et forbukarperspektiv, og meiningslaust i eit berekraftsperspektiv. Fjerning av moms på ombruksvarer vil redusera nykjøp, og slik redusera ressursbruk og utslepp frå både produksjon og transport.

Som forbrukarar veit vi lite om kva tinga vi eig, eigentleg kostar – av arbeid, utslepp, energi, ureining og naturtap. Slik situasjonen er i dag, opplevest det å reparera ting som dyrt, samanlikna med å kjøpa nytt. Dermed kastar vi istadenfor å reparera. I 2017 gjorde Naturvernforbundet Hordaland ei kartlegging av tal reparatørar i Bergen. Fordi ingen brukar reparatørane, har ti av dei avslutta verksemda berre to år seinare. Vi mister kompetansen.

Manglande bruk av reperasjonar er eit strukturproblem. Retten til å reparere har blitt til noko lite og uviktig. Venstre meiner tvert i mot at reparasjon bør sjåast på som ein viktig næringspolitisk satsing på ein sektor med vekstpotensial og nye lokale arbeidsplassar. Som med ombruk, vil fjerning av moms på reparasjonar redusere båe ressursbruk og utslepp.

Det bør løna seg å reparera og å kjøpa brukt framfor å kjøpa nytt. Momsfritak vil vera eit sterkt økonomisk insentiv for å auka etterspurnaden etter brukte varer og reparasjon.

Vestland Venstre vil:

  • Fjerna momsen på reparasjonar og ombruksvarer
  • Få ei lovendring slik at produsentar ikkje kan laga kunstige hinder som gjer at det ikkje løner seg å reparera

Fråsegn vedtake av årsmøtet i Vestland Venstre 9. februar 2020