Aukar satsinga på elbussar

Elbuss - lader
- Regjeringa har ei målsetting om fossilfri kollektivtransport innan 2025. For at vi skal oppnå dette målet skal vi støtte opp under høvet til fylkeskommunane til å tilby klimavennleg kollektivtilbod., Foto: Krister Sørbø, REDINK / Ruter

Enova og klimaminister Sveinung Rotevatn løyver 74 millionar kroner til Ruter. – Vi gjer det for å byggja ladeinfrastruktur for å fase inn 104 elektriske bussar, sier Rotevatn.

Løyvinga blei presentert ved lokala til Unibuss på Alnabru i Oslo. Midlane skal nyttast til å etablere ladeinfrastruktur som gjer det mogleg å fase inn 104 elektriske bussar med til saman 6,9 millionar rutekilometer i Oslo Sør. Det betyr auke i både frekvens og opetid. Det skal settast opp 68 ladarar fordelt på sentralen på Rosenholm og endestasjonane.

– Viktig at vi byrjar å ta i bruk nullutsleppsalternativ raskt

Sveinung Rotevatn
– Det er ikkje lenge sidan elektriske bussar gjekk frå å vere noko nesten utenkjeleg til eit normalt innslag i trafikken. Men framleis er nullutsleppsløysingar dyrare, derfor er det viktig at vi gjer slike investeringar rimelegare gjennom Enova og at vi har aktørar som Ruter som går føre, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). (Foto (CC) KLD)

– Det er ikkje lenge sidan elektriske bussar gjekk frå å vere noko nesten utenkjeleg til eit normalt innslag i trafikken. Men framleis er nullutsleppsløysingar dyrare, derfor er det viktig at vi gjer slike investeringar rimelegare gjennom Enova og at vi har aktørar som Ruter som går føre, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Rotevatn seier at med om lag 16 000 bussar i Noreg og lange kontraktsperiodar er det viktig at vi byrjar å ta i bruk nullutsleppsalternativ raskt. Då er det avgjerande at aktørar som Ruter går føre og satsar på ny teknologi.

Kostar meir

Elbusser ladestasjon
Elektriske bussar kostar førebels meir enn konvensjonelle dieselbussar, ikkje minst på grunn av behovet for ladeinfrastruktur.(Foto: Redink/Ruter)

Elektriske bussar kostar førebels meir enn konvensjonelle dieselbussar, ikkje minst på grunn av behovet for ladeinfrastruktur.

– Enova er eit viktig verkemidel i klimapolitikken som regjeringa sidan 2013 har styrka med nesten 1,5 milliardar kronar. Til saman har Enova no gitt tilsegn som vil føre til at det fasast inn om lag 370 elbussar i perioden 2019-2023.

– Regjeringa har ei målsetting om fossilfri kollektivtransport innan 2025. For at vi skal oppnå dette målet skal vi støtte opp under høvet til fylkeskommunane til å tilby klimavennleg kollektivtilbod.

Fem fakta: Elbussar og klima

  • Elektrifisering av transportsektoren er heilt sentralt for å nå klimamåla. Noreg er i internasjonal særklasse når det gjeld elbilar. I 2019 var over 40 prosent av nye bilar elbilar.
  • Det finst totalt ca. 16 000 bussar i Noreg i dag, og ein svært liten del av desse er elektriske. Kontraktsperiodane er typisk på 10 år og det er difor viktig å få inn miljøkrav i dei komande anboda.
  • Totalt har Enova til no ført til at det vil fasast inn ca. 370 elbussar i perioden 2019 – 2023 dersom prosjekta blir realiserte som føresett.
  • Dette prosjektet er stort i norsk samanheng og vil vere eit viktig steg på vegen i utvikling av verdikjeda for elbuss i heile Noreg.
  • Ruter jobbar aktivt med å dele erfaringane sine om utsleppsfri teknologi med andre kollektivselskap gjennom fleire kanalar og samarbeidsformer.
    Solveig Schytz åpner ladestasjon for elbuss Venstres Solveig Schytz, daværende leder av hovedutvalg for samferdsel i Akershus fylkeskommune åpner elbussladestasjon på Romerike sommeren 2019. (Her sammen med
    Snorre Lægran, plandirektør i Ruter, og Henning Bethelsen som er teknisk direktør i Norgesbuss.) Foto: Ruter