FRÅSEGN: EI NY OPPLÆRINGSLOV MÅ SIKRE NYNORSKELEVANE

Barnehage, skole og utdanning
Barnehage, skole og utdanning, Venstre

Eit utval utnemnt av regjeringa har nyleg lagt fram ei NOU (Noregs offentlege utgreiingar) om opplæringslova. Etter det skal ei ny opplæringslov arbeidast fram.

Tinn Venstre har to hovudkrav til den nye lova:

Dei språklege rettane må vidareførast og styrkjast

Dagens rett til å sikre opplæringa i både nynorsk og bokmål må halde fram. Det er viktig å sikre tidleg start med sidemål og ei sidemålsordning gjennom ungdomsskulen og studieførebuande vidaregåande opplæring, som har eigen standpunktkarakter og avsluttande eksamen i vidaregåande skule.

Språkvedtak i kommunen er ein viktig føremon for kva språk som vert undervist i skulen. Dette skal også styre språkvalet i norskopplæringa i vaksenopplæringa.

Staten må ta ansvar for at desse rettane vert oppfylte

Læremiddel er nasjonale, ikkje kommunale. Det kan ikkje vere berre skuleeigar sitt ansvar at elevane får nynorske læremiddel. Staten må sikre at læremiddel kjem på båe språk til same tid og pris. I dag er det alt for mange kommunar som ikkje tek på alvor kravet om at dei læremidla som vert nytta i skulen, skal vere på nynorsk. Dette gjeld særleg nye digitale læremiddel, der utvalet på nynorsk er dårleg. Staten må syte for ei godkjenningsordning for læremiddel som gjer at skulane enkelt kan skaffe seg oversyn over kva som ligg føre på både bokmål og nynorsk. Dette gjeld både trykte og digitale læremiddel, og må også gjelde læremiddel i norskopplæringa for vaksne innvandrarar.

Tinn Venstre krev at:

• dei språklege rettane til nynorskelevane vert vidareførte og styrkte i den nye opplæringslova

• staten tek større ansvar for å sikre at desse rettane vert oppfylte

Fråsegn frå årsmøtet i Tinn Venstre 5. mars 2020