FRÅSEGN: UTGIFTSFØRING AV MVA VED KOMERSIELLE INVESTERINGAR I ALLMENT TILGJENGELEGE KULTUR- OG FRILUFTSINSTALLASJONAR

Det første bodet i Venstre sine distriktspolitiske prinsipp er at "politikk skal ALLTID omhandle heile landet".
Det første bodet i Venstre sine distriktspolitiske prinsipp er at "politikk skal ALLTID omhandle heile landet"., Foto: iStock

Me nordmenn trivast i naturen. Mange nyttar seg av eit godt merka og tilrettelagt stinett. Turstiar og god tilrettelegging er viktig for folkehelsa og for reiselivsnæringa.

Tinn Venstre meiner at kommersielle reiselivsaktørar må kunne likestillast med frivillige organisasjonar og kommunar når det gjeld refusjon av moms ved etablering eller utbetring av mellom anna stiar til vandring og stisykling. Dette kjem ikkje berre reiselivsaktøren til gode, men òg lokalbefolkninga i eit folkehelseperspektiv.

Skal ein etablere eit alpinanlegg vil ein til dømes få momsfritak for utarbeiding av traseen. Slik Tinn Venstre ser det vil det vere naturleg at ein ser det slik også ved utbygging av og merking av stiar.

Utvikling av stinett er ein del av ein infrastruktur som må vere på plass for at mange reiselivsbedrifter skal kunne lukkast. Vidare vil gode og godt merka stiar bidra til å begrense ferdsel utanfor stiane og verne om naturen.

Fråsegn frå årsmøtet i Tinn Venstre 5. mars 2020