Nominasjonsnemndene våre har starta sitt arbeid

Stortingsbygningen
Stortinget vedtar enstemmig kriselov for å håndtere utbruddet av koronavirus, (Foto: Wikimedia commons / gcardinals)

Det vert som kjent stilt separate lister for Venstre i dei to gamle valkrinsane Sogn og Fjordane og Hordaland ved stortingsvalet neste år, og det er difor to ulike nominasjonsnemnder som har starta sitt arbeid i Vestland sist veke. Dei treng no hjelp frå medlemmer, lokallag og sympatisørar.

Atle Hamar frå Sunnfjord er leiar for nemnda i Sogn og Fjordane valkrins, medan Synnøve Handeland frå Kvinnherad er leiar for nemnda i Hordaland valkrins.

Atle Hamar, leiar av nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane valkrins
Synnøve Handeland, leiar for nominasjonsnemnda i Hordaland valkrins

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her finn du full oversikt over kven som sit i dei to nemndene

Nemndene legg kvar for seg opp til litt ulike tidsplaner, men prosessane vert ganske så like i dei to valkrinsane og begge nemndene ønskjer ein open, inkluderande og engasjerande prosess i partiet og i kommunane for å kome fram til gode lister for Venstre i valet neste år. I første omgang treng dei innspel på gode, aktuelle namn frå medlemmer, lokallag og sympatisørar.

Lista i Sogn og Fjordane kan ha 10 namn, medan lista i Hordaland valkrins kan ha 22 namn.

Kven tenkjer du kan vere gode representantar for Venstre på Stortinget i perioden 2021-2025 frå ditt lokalsamfunn eller din region, din valkrins?

Send inn innspel på aktuelle namn på kandidatar til fylkessekretærene Linda og Gro, som har teke ansvar for kvar sin valkrins.

Sogn og Fjordane valkrins, innan 20. juni til [email protected]

Hordaland valkrins, innan 10. juni til [email protected]

Dei som vert spela inn som kandidatar bør vere spurde på førehand og ein kort presentasjon av personen vil vere til hjelp for nemnda. Det er sjølvsagt mogleg å spele inn seg sjølv som kandidat. Merk at den som vert foreslått ikkje treng vere medlem av Venstre, men må kunne identifisere seg med Venstre sin politikk/ideologi.

Alle innspel vert etter denne første innspelsrunden samla i kvar si alfabetiske liste som vert sendt ut til lokallaga i valkrinsen.

Sitjande representant i Hordaland og kandidatar frå begge listene frå sist stortingsval vil dessutan få spørsmål om dei ønskjer å stå på lista også denne gongen.

Det vert høve for fleire presentasjonsmøte av aktuelle kandidatar og prøvenominasjon for lokallaga i løpet av hausten.

Innstilling frå nemndene kjem i desember og separate nominasjonsmøte for valkrinsane vert halde i samband med fylkesårsmøtet til Vestland Venstre i Bergen andre helga i februar 2021.