Tore Lyssand er gått ut av tida og Venstre har mista ein av sine heidersmenn.
Tore var ein av dei som sto på for Venstre og sto fram med tydeleg stemme for Venstre sine kjerneverdiar. I Hordaland Venstre kjende me han som ein me alltid kunne rekne med og ein som var der både i med- og motgang. Me minnast Tore Lyssand med takksemd.
Egil Haugland har skrive dette minneordet på vegne av Bjørnafjorden Venstre:
Tore Lyssand (1940-2020)
Tore var medlem av Os Venstre i mange år. Og ikkje berre eit passivt medlem, men ein høgt verdsett trufast støttespelar og tillitsvalt i fleire verv i ein lang periode etter at han vendte
tilbake til heimbygda frå eit langt yrkesliv til sjøs.
I ein periode var han og leiar for Os Venstre.
Tore var ein som stilte opp når partiet trengte nokon til å dela ut materiell eller stå på stand på Os Amfi eller Osøyro. Han la aldri skjul på at han var venstremann og likte ein frisk diskusjon. Det var saker og klare standpunkt han forfekta – han framheva aldri seg sjølv.
For nokre år sidan engasjerte Tore seg sterkt mot utslepp frå atomkraftverket i Sellafield. Han samla eigenhendig inn ein stor ringperm med underskrifter mot desse utsleppa. Miljø- og klimaspørsmål var alltid sentrale for Tore.
I Venstre opplevde vi Tore Lyssand som kunnskapsrik og ekte engasjert. Han var lest mykje, og ikkje minst reist mykje. Personleg blei eg godt kjent med Tore gjennom lokalpolitikken, men og gjennom vår felles interesse som human-etikarar. Ved ein del høve køyrde vi saman til og frå møte i Bergen. Då var det godt at ikkje nyvegen var ferdig, slik at det blei god tid til å lytta på Tore sine fortellingar frå dei mange opplevingane han hadde hatt til sjøs. Han var eit oppkome av gode – og i hovudsak – sjølvopplevde historier.
I Os blei Tore Lyssand ein som mange blei kjent med og sette pris på kontakten med. I dei seinare åra har han budd midt i sentrum og opphalde seg mange formiddagar på torget og på kafear saman med gode vener. Og vener har han hatt mange av – og ikkje berre dei tett på 1000 venene Tore har hatt på Facebook.
Det har nesten vore umogleg ikkje å bli glad i Tore. Ein heidersmann og sann liberalar. Vi i Venstre har mista ein støttespelar og god ven. Vi lyser fred over Tore Lyssand sitt minne.