Minneord Pål Tøfte

Foto: Privat

Pål Tøfte gjekk bort fredag 12. juni i ein alder av 93 år.

Pål Tøfte var ein svært beskjeden mann.
Han var ein trufast Venstremann, og hadde gjennom åra fleire verv i lokallaget, og var også noko aktiv i fylket.

Han representerte også Seljord Venstre i ulike råd og utval i kommunen i fleire periodar.
Det Pål likte best med Venstre, var at Venstre var ubunde av klasser, at partiet var leiande i arbeidet for miljø og natur. Han hadde nok mindre sans for UV sine kampsaker som han syntest fekk for mykje merksemd i høve til dei sakene han sette høgast.

Den siste innsatsen hans for Seljord Venstre var å revidere rekneskapen deira.

Torgeir Fossli
tidlegare leiar av Telemark Venstre
Nestleiar Vestfold og Telemark Venstre