Valkomiteen i Venstre er klar med si innstilling på ny leiing

Guri Melby
Kunnskapsminister Guri Melby (V)., Foto: Liv Aarberg

Valkomiteen la i går fram sitt forslag til ny leiing for Venstre, i hovedsak ei rokkering på leiartrio, jfr at partileiar Trine Skei Grande i mars kunngjorde at ho ville gå av. Komiteen har einstemmig innstilt Guri Melby som ny leiar, Sveinung Rotevatn som 1. nestleiar og Abid Raja som 2. nestleiar.

Her er lenkje til valkomiteen si innstilling

– Valkomiteen si innstilling består av ein kombinasjon av veldig bra folk som viser breidda i partiet, kommenterer fylkesleiar Åsta Årøen. Vi skjønar at valkomiteen har hatt eit vanskeleg arbeid, og vi synes det er positivt at fleire frå Vestland er med i innstillinga.

Dette er kva fylkesstyret spelte inn til valkomiteen 27. mai i den andre runden:

Innspel frå Vestland Venstre til valkomiteen

Partileiar: Sveinung Rotevatn (7 stemmer for, 3 imot).
1. nestleiar: Guri Melby (einstemmig)
2. nestleder: Terje Breivik (einstemmig)

Iselin Nybø og Abid Raja hadde også mange stemmer i dei innleiande avstemmingsrundane, og var spelt inn av mange lokallag og bør difor vere med i partileiinga. 17 lokallag og sideorganisasjonar hadde avgitt innspel til Fylkesstyret til Vestland Venstre i denne runda.

Alle dei innkomne innspela frå lokallag og sideorganisasjonar var også oversendt valkomiteen i Venstre, som utfyllande bakgrunnsvedlegg.

Dei som deltok på styremøtet onsdag 27. mai og hadde stemmerett i saka var følgjande:

Styremedlemmer: Åsta Årøen, Jan Henrik Nygård, Agnes Hoshovde Bernes, Geir Angeltveit, Elizabeth Toft Erichsen, Åge Avedal, 1. vara Jon Frogner.
Frå sideorganisasjonane: Kari Østervold Toft (Venstrekvinnelaget), Ole Martini (Unge Venstre) og Solveig Hillestad (Liberale studentar).