Rotsetfjøra – uttale i høve offentleg ettersyn til plan/reguleringsframlegg

Volda Venstre

Volda Venstre stiller seg svært kritisk til planiniativet og detaljreguleringa som ligg føre, og ingen av endringane som er gjorde endrar vår motstand i saka.
Vi er sterkt imot å legge opp til utbygging med blokkbebyggelse heilt ned til sjøfronten i denne særs unike kulturhistorisk viktige delen av Volda sentrum, der fleire verna bygg ligg. Ei utbygging som her foreslått, ser vi på som ei kulturhistorisk rasering og misforstått sentrumsfortetting.
Når ein i tillegg ikkje har påkrevande stort boligbehov og det samtidig er planar for fleire store utbyggingsprosjekt i andre delar av sentrum, er det ikkje anna enn tragisk å legge opp til ei nedbygging av dette området.
Planområdet burde sjåast i ein langt større samanheng; ein gjennomarbeida masterplan frå indre sentrum og langs fjorden inn til Andaneset. Dette forslaget blir berre nok eit bidrag til “klattvis og delt” utbygging og bidreg ikkje inn mot ein heilheitleg plan som Volda sentrum no bør få på plass.

Reguleringsforslaget slik det føreligg vil ikkje bidra i ei lokalsamfunnsnyttig positiv retning. Snarare vil forslaget øydelegge for tilrettelegging av andre tiltak som kan vitalisere og utvikle Rotsetfjøra og området rundt Garvarbuda i ei retning som er til glede og nytte for heile Volda-samfunnet.
Forslaget slik vi ser det, vil i for stor grad øydelegge for mulegheitene av ei vidareutvikling av Garvarbuda som museum med tilhøyrande aktivitetar, og det potensialet området rundt har til å kunne utviklast til ein sjarmerande sentrumsnær attraksjon – også med tanke på turisme. Området kan bli eit fantastisk fritids-/rekreasjonsområde og kan med enkle grep tilretteleggast for uformelle møteplassar, (restaurant/cafe/uteservering), friluftsliv, fiske og ulike tiltak som bidreg til vitalisering og aktivitet.

I ein vidare masterplan kan ein sjå føre seg å utvikle ei spanande kultur- og naturvandringsrute; “frå fjord til fjell” som knyter seg til Elvadalen/Andaneset. Området kan på sikt også transformerast vidare med tanke på småskala verksemder, vidareformidling av kulturarv, båtbyggingstradisjon, industrihistorie og anna lokalhistorie som Volda representerer. Ein kan sjå føre seg ein spanande kulturformidlingsarena i samarbeid mellom t.d. kommune, fylke, privat næringsliv, Sunnmøre Museum, Kystlag, Sogelag, frivillige lag m.m.

Volda Venstre ønsker at området skal kunne vere til felles glede og nytte for heile Volda-samfunnet, og ikkje ei nedbygging og “privatisering” av sjøfronten.
Mulegheit for tilgang til fjøra og sjøen i sentrum av Volda, er ein sjeldan skatt og er ein viktig trivsels- og rekreasjonsfaktor som vi må hegne om og bevare for framtida. Gangveg/brygge tett framfor private leilegheiter, vil ikkje kunne opplevast på same måte.

Boligblokkene i forslaget vil bli liggande som ein massiv “vegg” langs fjorden og sperre for det meste av den flotte utsikta mot sjøen og fjella frå gangvegen ovanfor langs Andanesvegen. Vegen frå sentrum og mot Andaneset er ein svært populær turveg der kontakta med fjorden og fjella opnar seg opp akkurat i dette området, og er det sentrale for naturopplevinga langs fjorden. Fjordgløtt på nokre meter mellom høghusa vil berre bli ei trist påminning om fjordlandskapet som ein gong var, og ein grell kontrast til den sjarmerande gamle bebyggelsen som no pregar området.

Uavhengig av grafisk framstillte “solstudier” og “akseptable”(!) avstandar til verna bebyggelse: Denne massive utbygginga på 4 og 5 etg, vil ta luven av det meste i området – inklusiv Garvarbuda og Ristegarden. Det eksisterande sjarmerande gamle gateløpet vil i ei utbygging bli øydelagt, og bygningsvoluma vil totalt overskygge det gamle trehus- og naustmiljøet i området. I respekt for dei som har prøvd å ta vare på og bu i dei gamle husa i området, er ei slik utbygging ein hån.

Bygningskroppane som vist i planforslaget står sterkt fram som framandelement og har ikkje teke omsyn til omgivnadene, verken i volum eller arkitektonisk utforming. Dersom utbygginga av området skal gjennomførast, må det bli påkrevd eit meir gjennomarbeida prosjekt arkitektonisk sett, med ei sterk fagleg vurdering der val av arkitekt vil vere sentralt slik at utforminga kan bli betre stadstilpassa m.o.t. volum , høgder, materialbruk m.m.
Området fortener eit mindre brutalt formspråk, dersom det gamle og nye skal kunne foreinast på ein god måte. Dagens forslag til utforming slik det framstår på illustrasjonar, har ikkje løyst oppgåva på ein god nok måte. At utbyggar må bygge 5 etg.-blokker for å få lønnsomheit i eit prosjekt, kan ikkje vere argument for å tillate å øydelegge eit område i så stor grad. God samtidsarkitektur handlar i høgste grad om å ta hensyn til og innordne seg det eksisterande, noko denne løysinga ikkje gjer.

Utearealet og tilknyttinga opp mot Garvarbuda, finn vi lite konkretisert og gjennomtenkt i planen. I utgangspunktet oppfattar vi “park” som noko framant for dette området med bryggekant liggande like ved.
Med tanke på dei verna bygga i området, må det vere påkrevd stor vaktsemd og høg fagleg kompetanse ved utforming og gjennomføring også av uteareala i heile området.

Med bakgrunn i ovannmde er det frå Volda Venstre sterk motvilje mot planforslaget og ei utbygging som dette.

for Volda Venstre
Benedikte Holmberg