Vestland Venstre sin miljøpris for 2020 går til Evoy AS

Leif A Stavøstrand, Evoy. Ein dyktig og glad vinnar av Vestland Venstre sin miljøpris 2020, utdelt på digital fylkessamling 15. november 2020.., Skjermklipp frå digital samling Vestland Venstre

I konkurranse med fleire bedrifter som kvalifiserte til Vestland Venstre sin miljøpris gjekk Evoy AS i Florø av med sigeren. Dei har tatt ein leiande posisjon i Norge og Europa med utvikling og produksjon av utanbords- og innanbordsmotorar for fritidsbåtar og arbeidsbåtar innan marine næringar.

Kombinasjonen gründerkraft, klimakloke løysingar, rett bruk av verkemiddelapparat, lokalpatriotisme og gjennomføringskraft har gjeve resultat og vil vere eit godt bidrag til vårt ønskje om grøn næringsutvikling og reduksjon av klimagassutslepp, skriv styret i si grunngjeving.

Prisen blei delt ut av Klima og Miljøminister Sveinung Rotevatn i samband med Vestland Venstre sin digitale samling søndag 15. november. Dagleg leiar Leif Arne Stavøstrand mottok prisen på vegner av Evoy og ga ein presentasjon av firmaet.

Les meir om Evoy AS på deira heimeside

Diplom_Miljøprisen 2020

Nestleiar Jan Henrik Nygård overrekker Vestland Venstre sin miljøpris for 2020 til Leif A. Stavøstrand, dagleg leiar i Evoy AS