Alfred Bjørlo innstilt på topp på Venstre si valliste i Sogn og Fjordane valkrins

Alfred Bjørlo, Foto: Rebecca Amber

Alfred Bjørlo og Gunhild Berge Stang er nominert på topp på Venstre si valliste til stortingsvalet 2021 for Sogn og Fjordane valkrins. Innstillinga frå nominasjonsnemnda var samrøystes. Nominasjonsnemnda i valkrinsen har i tillegg tre ungdomskandidatar på lista. Alfred Bjørlo er inne i sin 3. periode som ordførar i Eid /Stad kommunar, og representerer Venstre i fylkesutvalet i Vestland fylke. Han har lang politisk røynsle og har mellom anna vore politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet. Bjørlo har stor nasjonal gjennomslagskraft, og er ein kandidat som vil fremje fylket sine interesser med røynsle og innsikt.


Gunhild Berge Stang er føreslått på 2. plass. Ho er i dag statssekretær i Kulturdepartementet, og har også brei politisk røynsle frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane og Vestland. Gunhild har vore ordførar i Fjaler, og har i dag det viktige vervet som styremedlem i Kommunenes Sentralforbund. Gunhild har stortingserfaring då ho møtte som vara for stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn i perioden 2013-2017.

Ole Martini, fylkesleiar i Unge Venstre og student, har 3. plassen på lista. Martini er ein røynd ungdomspolitikar som vil ivareta ungdomen i fylket sin interesser på ein framifrå måte.
– Eg meiner vi har fått fram ei svært god liste til stortingsvalet, og vi har ein listetopp i duoen Bjørlo og Stang som begge har vist at dei jobbar for saker som er viktige, og er i stand til å løfte desse fram i Storting og regjering, seier leiar av nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane, Atle Hamar.

Nominasjonsmøtet vert halde i Bergen samme helg som fylkesårsmøte som er datosett til 13.-14. februar 2021.

 

Ole Martini

Ole Martini er nominert til 3. plass og vår ungdomskandidtat.

Lista er samrøystes føreslege slik:

1. Alfred Bjørlo, (48) Stad.
2. Gunhild Berge Stang, (46) Fjaler/Askvoll
3. Ole Martini, (21) Unge Venstre/Stad
4. Trude Risnes, (49) Sogndal.
5. Dina Bovim, (18) Unge Venstre/Kinn.
6. Torstein Tvinnereim, (50) Stryn.
7. Elias Slåtten, (19) Unge Venstre/Sunnfjord.
8. Kjetil Melheim, (41) Luster
9. Helle Frogner, (46) Stad.
10. Jan Henrik Nygård, (59) Kinn.

 

Atle Hamar har leia nominasjonsnemnda til Venstre i Sogn og Fjordane valkrins

 

Nominasjonsnemnda har vore samansett av leiar Atle Hamar, Klaus Iversen, Kariann Myklebust Fagerli, Gunnar Osland, Jon Ove Lomheim, Astrid Hoffart, Vigdis Tonning (Venstrekvinnelaget), Agnes Hoshovde Bernes (Unge Venstre) Knut Camillo Tornes (Liberale Studentar)

 

Spørsmål kan rettast til leiar av nominasjonsnemnda, Atle Hamar, tlf. 99284300.