Planen for korleis vi skal nå klimamålet er lansert

Sveinung Rotevatn legger fram klimaplanen for 2021-2030
Klimaminister og Venstre-nestleder Sveinung Rotevatn med Klimaplanen., Foto: Mona Lindseth / Venstre

Noreg skal nå klimamålet under Paris-avtalen. Klimaminister og nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn, legg no fram regjeringa sin plan for omstilling av heile samfunnet fram mot 2030. Planen viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet og skape grøn vekst.

– Utsleppa går ned med denne regjeringa, og det skal dei halde fram med. Klimaplanen er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk. For første gang legg ei regjering fram ein truverdig, heilskapeleg plan for å få ned utsleppa i alle sektorar. Det skal løne seg å kutte utslepp, seier Rotevatn.

Klimaplanen er eit historisk taktskifte i norsk klimapolitikk.

Sveinung Rotevatn

Overoppfyller forpliktinga

Klimaplanen legg hovudvekta på utslepp frå transport, avfall, jordbruk, bygg og delar av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd (ikkje-kvotepliktig sektor). Den omhandlar også EU sitt kvotesystem der det meste av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd inngår. Planen tek i tillegg for seg CO2-opptak og klimagassutslepp frå skog og arealbruk.

– Med denne planen overoppfyller vi forpliktinga frå EU og regjeringa sitt mål om 45 prosent reduksjon i ikkje-kvotepliktige utslepp. Og vi vil gjere det i Noreg, seier Rotevatn.

Last ned og les: Klimaplan for 2021–2030

Jobbar for framtida

Guri og Sveinung med klimaplanen
– Regjeringa leverer no ein plan for korleis vi skal nå klimamåla for 2030. Norske klimagassutslepp skal fortsette nedover, og vi skal skape eit samfunn med jobbar for framtida. Dette vil skape friheit og moglegheiter for alle, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Venstre-leiar og kunnskapsminister Guri Melby ønsker planen velkomen:

– Regjeringa leverer no ein plan for korleis vi skal nå klimamåla for 2030. Norske klimagassutslepp skal fortsette nedover, og vi skal skape eit samfunn med jobbar for framtida. Dette vil skape friheit og moglegheiter for alle, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Rotevatn understrekar at jobbskaparane vil verte viktige i den grøne omstillinga:

– For å nå klimamåla, må vi ha næringslivet med på laget. Vi må kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Vi skal stille klimakrav, satse på ny teknologi og gjere det lønnsamt å velje klimavennleg.

Vi må kutte utsleppa, ikkje utviklinga.

Sveinung Rotevatn

Seks hovudverkemiddel

Klimaplanen bygger på desse hovudverkemidla: avgift på klimagassutslepp, reguleringar, klimakrav i offentlege innkjøp, informasjon om klimavenlege val, økonomisk støtte til ny teknologi og ei satsing på forsking og innovasjon.

– I ei verd som kuttar utsleppa risikerer vi at økonomiar og verksemder med høge utslepp blir stadig mindre konkurransedyktige. Kostnaden ved ikkje å handle kan også vere betydelege. No legg vi til rette for grøn vekst, seier Rotevatn.

Hør klimaminister Sveinung Rotevatn snakke om Klimaplanen i podkasten Fire nye år!

Grønare reiser

– Klimaplanen skal gjere det enklare for deg og meg å reise utsleppsfritt. Det er viktig, for transportsektoren står for heile 30 prosent av klimagassutsleppa i Noreg, seier Rotevatn.

Klimaplanen skal gjere det enklare for deg og meg å reise utsleppsfritt.

Sveinung Rotevatn

Han viser til at det blir foreslått å stille krav om nullutslepp for personbilar og lette varebilar i 2022, og for bybussar frå 2025. Det blir óg krav om låg- eller nulluslepp for ferjer og hurtigbåtar.

– No skal vi ta ein krystallklar tetposisjon i arbeidet for grøn skipsfart globalt. Vi har vanvittig gode føresetnadar for å skape store verdiar og arbeidsplassar med miljøvenleg teknologi, ved å gjere flåten vår enno grønare, seier Rotevatn.

Klimaplanen stadfestar at bilavgiftene og andre verkemiddel framleis skal stimulere til at fleire vel nullutsleppsbilar.

– Det er bra for dei som må køyre bil, og det er bra for klimaet. Venstre har vore forkjempar for elbilfordelane heile vegen. Vi skal sørge for at det er enklast å køyre utsleppsfritt, óg i framtida, seier Rotevatn.

Han legg til:

– Sjølv om færre køyrer med fossilt drivstoff, skal biodrivstoff-volumet i vegtrafikken haldast på likt nivå som no. Det vil óg kutte utslepp.

Grønt skatteskifte

– Venstre vil bruke avgiftssystemet til å stimulere til at folk og verksemder tar grønare val. Eg er derfor veldig glad for at me endeleg får på plass eit storstilt, grønt skatteskifte, seier Rotevatn.

Eg er derfor veldig glad for at me endeleg får på plass eit storstilt, grønt skatteskifte.

Sveinung Rotevatn

Klimaplanen skisserer ei gradvis opptrapping av CO2-avgifta frå dagens 590 kroner til 2.000 kroner per tonn i 2030. Slik vil det bli stadig dyrare å sleppe ut CO2 og stadig meir lønsamt å kutte utslepp.

– Samstundes er vi i Venstre opptatte av at skatte- og avgiftstrykket ikkje blir for høgt. Når CO2-avgifta aukar, skal det innførast tilsvarande skatte- eller avgiftslette, avsluttar klimaministeren.

Her er nokre av dei viktigaste elementa i planen:

  • Trappe opp Co2-avgifta gradvis til 2.000 kroner mot 2030 frå om lag 590 kroner i dag. Avgiftsauka skal bli motsvara av tilsvarande skatte- eller avgiftslette, primært for dei gruppene som er omfatta av auka avgifter.
  • Frå 2022 tek regjeringa sikte på å stille krav om nullutslepp i offentlege kjøp av personbilar og lette varebilar. Frå 2025 tilsvarande for bybussar.
  • Frå 2023 tek regjeringa sikte på å stille krav om låg- og nullutslepp for nye ferjeanbod der det ligg til rette for det, og noko seinare for alle nye hurtigbåtanbod.
  • Enova skal målrettast meir som verkemiddel til å nå Noregs klimaforpliktingar for ikkje-kvotepliktige utslepp og medverke til omstillinga til lågutsleppssamfunnet.
  • Meir berekraftig biodrivstoff skal erstatte fossilt drivstoff i transportsektoren. Framtidige aukar i omsetningskrava for biodrivstoff skal i hovudsak gjerast med avansert biodrivstoff.
  • Vurdere moglegheita til å opprette nullutsleppssoner av omsyn til klima i nokre byar.
  • Legge fram en handlingsplan for fossilfrie anleggsplassar i transportsektoren
  • Nasjonal transportplan 2022 – 2033 skal bygge opp om ambisjonen om å halvere utsleppa i transport
  • Styrkje og vidareutvikle arbeidet med sunt, berekraftig og klimavenleg kosthald, og arbeidet med å redusere matsvinnet.
  • Gradvis fase ut bruken av fossile brensel til energiføremål i industrien utanfor kvotesystemet og bruken av naturgass til mellombels byggvarme og byggtørk.
  • Legge til rette for auka CO2-opptak i skog
  • Restaurere myr og anna våtmark
  • Satse på fangst og lagring av CO2
  • Setje ned eit ekspertutval som skal sjå på dei samla rammevilkåra for å fremje klimavenlege investeringar i Noreg.
  • Utvikle Grøn plattform-samarbeidet mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Siva og Enova. Plattforma blei etablert som ein del av den grøne omstillingspakka i Covid-19-pandemien.

Bli medlem i Venstre