Debattinnlegg: Det er ingen grunn til at klimapolitikk skal vere upopulært

Foto: Venstre

Vestlandet vinn på Venstres klimapolitikk! 8. januar feira Alfred Bjørlo, ordførar i Stad (V) og Sveinung Rotevatn, Klima og miljøminister (V) den nye klimameldinga frå regjeringa med eit innlegg i Bergens Tidende.

I februar 2020 skreiv BT-kommentator Hans K. Mjelva ein kommentar med overskrift «På tide å bli upopulær i klimasaka». Bakgrunnen var at Miljødirektoratet og andre fagetatar då hadde lagt fram Klimakur 2030, eit grunnlag for å vise kor det er mogeleg å kutte norske klimagassutslepp dei neste ti åra.

Sidan Mjelva skreiv sin kommentar i februar 2020, har regjeringa arbeidd med klimaplanen for 2021–2030. No er planen ferdig, og vi meiner det er på tide å seie klart frå om at Mjelva tek feil.

Det er ingen grunn til at klimapolitikk skal vere upopulært – tvert imot! Samfunnet blir betre når vi førar den riktige klimapolitikken. God klimapolitikk skal vere god næringspolitikk og skape betre liv for folk. Vi trur vi gjennom offensiv klimapolitikk kan gjere Noreg til eit betre samfunn med fridom og mogelegheiter for alle.

Sveinung Rotevatn legger fram klimaplanen for 2021-2030
Sveinung Rotevatn legger fram klimaplanen for 2021-2030

Norske klimagassutslepp går ned med Venstre i regjering. I 2019 var dei på det lågaste nivået på 27 år. Korleis har det skjedd? Jo, ved at folk i både by og bygd byter ut dieselbilen med ein stillegåande, komfortabel elbil som er økonomisk gunstig. Ved at kollektivtrafikken i byane har blitt betre, slik at mange fleire kan la bilen stå. Dei som framleis køyrer dieselbil, har fått meir klimavenleg drivstoff på tanken. Næringslivet har kutta i sine utslepp, og med det skapt grunnlag for nye verksemder å vekse fram – verksemder som vil vekse og skape varige verdiar for lokalsamfunn over heile landet.

God klimapolitikk skapar vekst og verdiskaping. Ved å stille klimakrav i offentlege innkjøp og gjere det lønnsamt å kutte utslepp – slik Vestland fylke har gått i front for – bidreg vi til omstilling av næringslivet. Dei som grip mogelegheita, vil vere tidleg ute i det internasjonale kappløpet mot lågutsleppssamfunnet. Og næringslivet på Vestlandet ligg fremst i løypa.

Difor er det både god klimapolitikk og god næringspolitikk for Vestlandet når regjeringa stiller krav om at frå 2023 skal alle nye offentlege innkjøp av ferjer vere låg- og nullutsleppsfartøy. Frå 2025 skal kravet gjelde hurtigbåtar. Vi skal òg forme klimakrav for havbruksnæringa.

Gjennom tiårsperioden vil slike krav kutte om lag 2 millionar tonn CO₂. Samstundes skapar det nye oppdrag for verftsindustrien på Vestlandet og leverandørane i verdikjeda. Noreg er verdsleiande, og det skal vi halde fram med å vere.

Vi trur ikkje dette er upopulært. Tvert imot. Når ein gammal dieselbåt eller bil blir erstatta av ein ny elektrisk båt eller bil, blir ikkje samfunnet verre. Det blir betre. Lufta blir betre. Det blir mindre støy, lågare klimagassutslepp og nye grøne jobbar for framtida.

Vestlandet har alle føresetnader for å vere drivkraft i den grøne omstillinga Noreg skal gjennom dei neste åra. Det skal god klimapolitikk legge til rette for.

Les innlegget i Bergens Tidende her