Debattinnlegg – Norsk innvandringspolitikk må reformerast

Geir Kjell Andersland, Foto: Jo Lerheim/Hordaland Venstre

Måndag 18. januar har Geir Kjell Andersland, Tom Hiis Bergh (Vestland Venstre) og Gunn Berit Gjerde (Møre og Romsdal Venstre) eit debattinnlegg i Bergens Tidende der dei peikar på at norske utlendingsstyresmakter sin praksis gong på gong er i strid er med den allmenne rettsoppfattinga.

Les debattinnlegget i Bergens Tidende her.

Nok ein gong har norske utlendingsstyresmakter svikta. No er situasjonen uhaldbar. UDI må endrast, og UNE må snarast bli avløyst av eit organ som etterlever rettstryggleiken.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvaret for handsaming av søknader frå utlendingar som vil vitje eller bu i Noreg. Oppdraget er å praktisere ein asyl- og flyktningpolitikk som er vedteken av Stortinget. Likevel ser vi gong på gong at dei vedtaka utlendingsstyresmaktene gjer om utvising, er i strid med den allmenne rettsoppfattinga, og skapar opprør frå grasrota.

Stadig blir einskildmenneske som har flykta hit frå vanskelege situasjonar i heimlandet utvist av UDI med vage og mangelfulle grunngjevingar som «truleg falske papir». Desse har etablert seg her, lært seg norsk, blitt ein del av det norske arbeidslivet, fått både familie og vener, og har elles skikka seg vel. Grunngjevingane kan ofte vere tufta på at papira ikkje ser nøyaktige ut som «normalen», eller på intervju, som vi veit kan ha vere prega av tolkingsfeil og mistydingar.

Saka om Sitel Isa Adala på Sunnmøre er eit frykteleg døme. UDI godtek ikkje at Sitel har fått papira sine av styresmaktene i Eritrea, og vil sende henne ut. Dette til trass for stadfesting frå eritreiske styresmakter om at papira er ekte. UDI vil heller ikkje ha ei positiv tolking av «tilknyting til riket». At Sitel har budd her i seks år, har to barn, barnebarn, og at både ho og ektemannen hennar er i arbeid, er ikkje nok tilknyting til riket. Forstå det den som kan!

Regjeringa og Stortinget må instruere utlendingsstyresmaktene til i større grad å ta menneskelege omsyn i tolking av lovar og reglar. Slike omsyn må trumfe såkalla innvandringsregulerande omsyn. UDI tolkar no regelverket på ein måte som er unødvendig restriktivt og i strid men den allmenne rettsoppfattinga.

Utlendingsnemnda (UNE) er klageorganet for asylsøkjarar og flyktningar. UNE skal vera eit kyndig og uavhengig klageorgan, men viser gong på gong ein skremmande mangel på forståing for rettsstaten sine viktigaste prinsipp. Den mykje omtalte saka om 18 år gamle Mustafa Hasan er eit særleg grovt døme.

UNE har fatta eit hårreisande og uforståeleg vedtak om at Mustafa skal sendast ut av Noreg med tvang. Han kom til Noreg som seksåring saman med mor si. Det viste seg seinare at mora hadde gjeve uriktige opplysingar om nasjonaliteten sin. UNE meiner innvandringsregulerande omsyn tilseier at guten, som no er 18 år, skal straffast for dei ulovlege handlingane mora gjorde for 12 år sidan. Sjølv er han uskuldig. UNE si «grundige» handsaming konkluderer med at foreldre sine synder blindt kan overførast til barna deira.

Ein kan nesten få inntrykk av at UNE stør seg meir på dei gamle moselovene sin nidkjære Gud som heimsøkjer barn i fleire ledd for foreldra sine synder, enn til grunnleggande menneskerettar og elementær rettstryggleik for einskildmenneske.

Ein forsvarleg rettspraksis fordrar ei individuell, konkret, upartisk og uavhengig vurdering i den aktuelle saka. Men UNE viser stadig at organet ikkje forstår rettsstaten sine mest grunnleggande køyrereglar. UNE hevdar å vere eit uavhengig klageorgan, men er òg blir eit forvaltningsorgan – som let seg påverke av politiske «signal».

UNE si sakshandsaming skjer ofte utan munnleg handsaming og reell kontradiksjon. Dette står i sterk kontrast til det vi vanlegvis tenkjer om rettstryggleik.

UNE må difor snarast leggast ned og erstattast av ein uavhengig forvaltningsdomstol forankra i rettsstaten sine grunnleggande prinsipp.