Norsk innvandringspolitikk må reformerast: UDI må endrast, UNE må leggjast ned

Nok ein gong har norske utlendingsstyresmakter svikta. Både i UDI og i klageinstansen UNE har det blitt tydeleg at såkalla «innvandringspolitiske omsyn» er viktigare enn grunnleggande menneskerettar og rettstryggleik. No er situasjonen uhaldbar. UDI må endrast, og UNE må snarast bli avløyst av eit organ som etterlever rettstryggleiken.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvaret for handsaming av søknader frå utlendingar som vil vitje eller bu i Noreg. Oppdraget er å praktisere ein asyl- og flyktningpolitikk som er vedteken av Stortinget. Likevel ser vi gong på gong at dei vedtaka utlendingsstyresmaktene gjer om utvisning er i strid med den allmenne rettsoppfattinga, og skapar folkeleg opprør frå grasrota. Stadig blir einskildmenneske som har flykta hit frå vanskelege situasjonar i heimlandet utvist av UDI med vage og mangelfulle grunngjevingar som «truleg falske papir». Desse har etablert seg her, lært seg norsk, blitt ein del av det norske arbeidslivet, fått både familie og vener, og har elles skikka seg vel. Slike grunngjevingar kan ofte vere tufta på at papira ikkje ser nøyaktige ut som «normalen», eller på intervju, som vi veit kan ha vere prega av tolkingsfeil og mistydingar.

Dei utviste blir sende attende til eit utrygt liv i landet dei rømde frå. Dei som ikkje har eit godt alternativt returland blir verande her, sidan UDI ikkje har nokon annan stad å sende dei. Her blir dei sitjande utan opphaldsløyve og følgeleg utan personnummer. Då får dei heller ikkje arbeid eller bustad, og er overletne til eit håplaust liv i uvisse – i skuggen av samfunnet.

Saka om Sitel Isa Adala på Sunnmøre er eit frykteleg døme. UDI godtek ikkje at Sitel har fått papira sine av styresmaktene i Eritrea, og vil sende henne ut. Dette til trass for stadfesting frå eristreiske styresmakter om at papira er ekte. UDI vil heller ikkje ha ei positiv tolking av «tilknyting til riket». At Sitel har budd her i seks år, har to barn, barnebarn, og at både ho og ektemannen hennar er i arbeid er ikkje nok tilknyting til riket. Forstå det den som kan!

Vanlege rettsomsyn om at «rettsleg tvil skal kome tiltalte til gode» gjeld ikkje. For Sitel – og mange med henne – er dette ein tvil den norske staten ikkje vil godta.

UDI framstår i dag som inhumane og einspora byråkratar. Regjeringa og Stortinget må no instruere utlendingsstyresmaktene til i større grad å ta menneskelege omsyn i tolking av lovar og reglar. UDI tolkar regelverket på ein måte som er unødvendig restriktivt og som er i strid med den allmenne rettsoppfattinga.

Utlendingsnemnda (UNE) er klageorganet for asylsøkjarar og flyktningar. Til trass for at UNE meiner dei er eit kyndig og uavhengig klageorgan, viser dei gong på gong ein skremmande mangel på forståing for rettstaten sine viktigaste prinsipp. Den mykje omtalte saka om 18 år gamle Mustafa Hasan er eit særleg grovt døme.

Etter ei såkalla grundig handsaming har UNE fatta eit hårreisande og uforståeleg vedtak om at Mustafa skal sendast ut av Noreg med tvang. Han kom til Noreg som seksåring saman med mor si. Det viste seg seinare at mora hadde gjeve uriktige opplysingar om nasjonaliteten sin. UNE meiner innvandringsregulerande omsyn tilseier at guten, som no er 18 år og ikkje lenger eit barn, skal straffast for dei ulovlege handlingane mora gjorde for 12 år sidan. Sjølv er han uskuldig. UNE si «grundige» handsaming konkluderer med at foreldre sine synder blindt kan overførast til borna deira.

Ein kan nesten få inntrykk av at UNE stør seg meir på dei gamle moselovene sin nidkjære Gud 137 som heimsøker barn i fleire ledd for foreldrene sine synder, enn til grunnleggjande menneskerettar og elementær rettstryggleik for einskildmenneske.

Ein forsvarleg rettspraksis fordrar ei individuell, konkret, upartisk og uavhengig vurdering i den aktuelle saka. Men UNE viser stadig at organet ikkje forstår rettstaten sine mest grunnleggjande køyrereglar. UNE hevdar å vere eit uavhengig klageorgan, men er og blir eit forvaltningsorgan – som let seg påverke av politiske «signal». UNE si sakshandsaming skjer ofte utan munnlegg handsaming og reell kontradiksjon. Dette står i sterk kontrast til det vi vanlegvis tenkjer om rettstryggleik.

UNE har gjort nok skade no, både for dei ulukksalege einskildmenneska som har blitt ramma, og for Noreg sitt truverde som rettstat. UNE må snarast leggjast ned. Klager på UDI sine vedtak kan anten gå direkte til dei ordinære domstolane, eller endå betre, til ein nyoppretta, uavhengig forvaltningsdomstol.

Bergen Venstre meiner at norsk innvandringspolitikk i dag er for streng og 153 inhuman, og den krenkjer rettstaten sine prinsipp.

Venstre vil:

  • At utlendingsstyresmaktene skal bli pålagt å la humanitære omsyn trumfe innvandringspolitiske omsyn.
  • At UNE skal leggjast ned og bli erstatta av ein uavhengig forvaltningsdomstol som er forankra i rettsstaten sine grunnleggande prinsipp.

Uttalelsen vart vedteke på Bergen Venstres årsmøte.