Alfred Bjørlo og Sveinung Rotevatn toppar vallistene for Venstre i Vestland

Sveinung og Alfred , Foto: Helle Frogner

Listene for Vestland Venstre sine to valkrinsar er klare. Alfred Bjørlo og Sveinung Rotevatn toppar dei to stortingsvallistene.

Det vart halde to nominasjonsmøte i Vestland Venstre laurdag 13. februar – eit møte for kvar valkrins i fylket.

Kort om Sogn og Fjordane valkrins:

Sogn og Fjordane hadde eit kort møte, der alle voteringar var samrøystes.

Alfred Bjørlo uttaler følgande om å vere toppkandidat i Sogn og Fjordane:

– Min viktigaste motivasjon for å stille til val til Stortinget for Venstre i 2021, er at eg er 100% distriktsoptimist, seier Alfred Bjørlo. – No trengs meir enn nokon gong tydelege, tøffe politikarar som «brøytar veg» for ein ny og moderne distriktspolitikk nasjonalt. Eg brenn for at langt fleire enn i dag skal oppdage kor gode kvardagsliv det går an å leve utanfor dei største byane. Vi som bur i Sogn og Fjordane er plassert midt i smørauget for det nye, grøne næringslivet som vil vekse i åra framover. Då må staten og sentralmakta i Oslo vere med på laget: Statlege arbeidsplassar og utdanning må desentraliserast, vi må gjere livet enklare for dei som startar og driv små bedrifter – og vi må gje folk meir fridom og større armslag i kvardagen, seier Venstres nye listetopp Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo har vore ordførar i Eid/Stad sidan 2011 og sit i Fylkesutvalet i Vestland for Venstre. Han har tidlegare m a vore politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet og Næringsdepartementet, og dagleg leiar i næringsselskapet Måløy Vekst.

Gunhild Berge Stang (46), Fjaler, er vald som 2. kandidat og ungdomskandidat Ole Martini (21) frå Stad har fått 3. plassen på lista i Sogn og Fjordane valkrins til stortingsvalet 2021.

 

Kort om Hordaland valkrins:

Her var det ei kampvotering på første plass, der Sveinung Rotevatn gjekk sigrande ut med 41 stemmer mot 38 stemmer til Terje Breivik.

Sveinung Rotevatn uttaler følgande om det å vere toppkandidat i Hordaland. «Ei stemme på Venstre er den sikraste stemma for å sikre full fart i det grøne skiftet, for liberale verdiar og for ein skule som er god og trygg for alle elevar. Eg håpar på tillit frå veljarane i Hordaland til hausten, og gler meg til å stå på i valkampen saman med dei andre dyktige kandidatane på lista.»

Sveinung Rotevatn sat på Stortinget for Sogn & Fjordane frå 2013 til 2017. Han har seinare vore statssekretær i fleire departement. No er han Klima- og miljøminister i regjeringa Solberg. Han har òg vore leiar i Unge Venstre og kommunestyrerepresentant i Eid.

Rotevatn er ein markant rikspolitikar for Venstre. Han har godt oversyn over dei viktigaste politikkområda for partiet, og er ein sterk debattant. Han vart vald til nestleiar i Venstre i 2020.

Ane Breivik (22) frå Bergen er 2. kandidat og Geir Angeltveit (31) frå Stord fekk 3. plassen på Venstre si Stortingsvalliste i Hordaland Valkrins.

Her er begge listene:

Stortingsvalliste for Venstre i Sogn og Fjordane valkrins 2021:

  1. Alfred Bjørlo, (48) Stad
  2. Gunhild Berge Stang, (46) Askvoll
  3. Ole-Ansger N. Martini, (21) Unge Venstre/Stad
  4. Trude Risnes, (49) Sogndal
  5. Dina Bovim, (18) Unge Venstre/Kinn
  6. Torstein Tvinnereim, (50) Stryn
  7. Elias Slåtten, (19) Unge Venstre/Sunnfjord
  8. Kjetil Melheim, (41) Luster
  9. Helle Frogner, (46) Stad
  10. Jan Henrik Nygård, (59) Kinn

 

Stortingsvalliste for Venstre i Hordaland valkrins 2021:

  1. Sveinung Rotevatn, (33) Bergen
  2. Ane Breivik, (22) Unge Venstre/Bergen
  3. Geir Angeltveit, (32) Stord
  4. Ingrid N. Fjeldstad, (37) Bergen
  5. Petter S. Ulriksen, (44) Ullensvang
  6. Agnes H. Bernes, (26) Alver
  7. Børge Haugetun, (39) Øygarden
  8. Miriam L. Seim, (25) Alver
  9. Julie S. Andersland, (43) Bergen
  10. August Simonsen, (23) Bergen
  11. Heine Johansen, (35) Bergen
  12. Åsta Årøen, (49) Bergen
  13. Arild Raftevoll, (52) Askøy
  14. Elin Seim, (39) Voss
  15. Marius H. Hindenes, (19) Alver
  16. Kjersti I. Vevatne, (50) Osterøy
  17. Erlend A. Horn, (33) Bergen
  18. Astrid Dale, (67) Bjørnafjorden
  19. Geir Kjell Andersland, (72) Bergen
  20. Vanja Espeland, (46) Bømlo
  21. Kari Østervold Toft, (65) Øygarden