No blir E16 i Nærøydalen rassikra! Ny tunnel vil gi sikker veg

Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo , Foto: Rebecca Amber

Nyhenda om at E16 Nærøydalen vert prioritert i NTP er eit Columbi egg: Vegen gjennom Nærøydalen blir rassikker, dei gamle tunnelane som har gått ut på dato får avløysing og reisa mellom Sogn og Voss blir kortare og enklare. – Alfred Bjørlo, stortingskandidat for Venstre

Prosjektet strekkjer seg langs E16 frå Hylland i Aurland kommune til Slæen i Voss kommune, ei veglengd langs eksisterande veg på om lag 10 kilometer.

Formålet med prosjektet er å sikre E16 i Nærøydalen mot ras og dertil erstatte Stalheimstunnellen og Sivletunnelen, med ein lang tunnel. Prosjektet vil gi ei innkorting på vegen frå 10 til 8 km.

Kostnaden for prosjektet er lagt til grunn vil vere ca 1,5 mrd, og det vil òg vere det statlege bidraget i første periode av NTP