No kjem forbod mot eingangsplast

Vårryddedagen med Bergen Venstre
Venstre-nestleiar og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn saman med ein gjeng frå Bergen Venstre, som ryddar byen for plast., Kjersti H. Enerstvedt

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) varslar at regjeringa vil forby fleire eingangsartiklar av plast. Det gjeld blant anna plastbestikk, tallerkar og sugerøyr. Målet er å få ned plastforsøplinga og utnytta ressursane betre.

Forbodet trer i kraft 3. juli 2021.

– Vi nyttar alt for mykje unødvendig eingangsplast som hamnar i naturen eller på gata. På strendene langs norskekysten plukkast det store mengder av slike plastgjenstandar kvart år. EU-forbodet mot eingangsartikler av plast er noko Noreg har støtta, og vi innfører det no, samstundes som alle land i EØS-området, seier Rotevatn.

Vi nyttar alt for mykje unødvendig eingangsplast som hamnar i naturen eller på gata

Sveinung Rotevatn

Forbodet vert innført som følgje av eit EU-direktiv. Det har vore kjend lenge at forbodet ville kome. Mange produsentar og importørar har derfor allereie byrja å fasa ut dei produkta som vert forbonde frå 3. juli.

1,9 milliardar færre plastbitar i naturen

Produkta det gjeld er bestikk, tallerkar, sugerøyr, ballongpinnar, rørepinnar og bomullspinnar i plast, i tillegg til matbeholdarar, drikkebeger og drikkevaremballasje av isopor. Forbodet kan medføra at bruken av desse plastartiklane reduserast med 1,9 milliardar einingar eller 3.600 tonn årleg i Noreg.

Forbodet gjeld ikkje for bomullspinnar og sugerøyr som nyttast som medisinsk utstyr.

– Sjølv om det meste av eingangsplasten vert handsama i avfallssystemet og ikkje kjem på avveie, vil forbodet redusera forsøpling og skadar på dyreliv og miljø. Det er óg dårleg utnytting av ressursar å nytta eit produkt berre éin gang, seier Rotevatn.

Sjølv om det meste av eingangsplasten vert handsama i avfallssystemet og ikkje kjem på avveie, vil forbodet redusera forsøpling og skadar på dyreliv og miljø

Sveinung Rotevatn

Marin forsøpling er både eit lokalt, nasjonalt og globalt problem, som kryssar landegrenser og havområde. For å få endeleg bukt med det, treng vi internasjonalt samarbeid og ein eigen global avtale. Noreg har arbeida systematisk gjennom fleire år for ei ny global avtale for å hindra plastforureining. Fleire og fleire land sluttar seg til Noreg sitt forslag. Noreg arbeider på mange internasjonale arenaer mot plastforureininga, samstundes som vi styrkar dei nasjonale tiltaka.