3,4 milliardar til Stad Skipstunnel i ny NTP!

Sveinung Rotevatn og Alfred Bjørlo - listetopper i Vestland 2021, Alfred Bjørlo

Stad Skipstunnel blir fullfinansiert og klargjort til opning i 2025 i Regjeringa sitt framlegg til ny Nasjonal Transportplan. I dag legg Regjeringa fram ei eiga sak til Stortinget om å byggje Stad Skipstunnel. Stad Skipstunnel blir det største investeringsprosjektet for sjøtransport i Noreg nokonsinne, og eit unikt prosjekt også i verdssamanheng.

-Stad skipstunnel har vore prata om i mange år, men no skjer det, seier klima og miljøminister og 1.kandidat for Venstre i Hordaland, Sveinung Rotevatn.

– Stad Skipstunnel vil opne opp Vestlandet sjøvegen, og ha større ringverknader for utviklinga av kysten i framtida enn dei fleste kan sjå for seg i dag. Eg er svært nøgd med at Regjeringa no gjev «full gass» og fjernar all tvil om vidare framdrift for Stad Skipstunnel, seier ordførar i Stad og 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo.

Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipa og store ringnottrålarar. Det vil seie seglingsbreidde på 21,5 meter, seglingshøgde på 33 meter og seglingsdjup på 8 meter.