– Arbeidsmiljølova er ikkje godt nok tilpassa ein ny arbeidskvardag

Venstres jobber for flere arbeidsplasser
Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre., Foto: Elias Dahlen

Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre, meiner regelverket må tilpassast ein ny arbeidskvardag som er prega av digitalisering og auka krav til fleksibilitet. Torsdag utfordra han arbeids- og sosialministaren.

Breivik gjennomførte tidlegare i mars ei høyring med arbeidsgjevar og –takarorganisasjonane for å få innspel til korleis me bør endra og oppdatera dagens arbeidsmiljølov. Dagens regelverk er ikkje tilpassa eit arbeidsliv med meir bruk av heimekontor og større fleksibilitet i når arbeidet vert utført.

Torsdag utfordra han statsråden gjennom ein interpellasjon i Stortinget, med spørsmålet «kva grep vil statsråden ta for å møta utfordringane som så mange opplever knytte til den nye arbeidskvardagen?»

Les heile interpellasjonen her:

President,

Noreg har eit av dei best organiserte, velfungerande arbeidsmiljølovverka, med samarbeid og gjensidig respekt partane i arbeidslivet i mellom, uansett kva land me samanliknar oss med. Heldigvis. Det er eit udelt gode me saman må hegna om, foredla og vidareutvikla.

Trepartssamarbeidet er ein berebjelke for fridom, tryggleik og føreseielege vilkår i norsk arbeidsliv.

Den norske modellen, med små skilnadar, likeverd og tett samarbeid er ikkje berre viktig for at alle skal kunna leva frie, sjølvstendige liv. Den er og eit av dei viktigaste konkurransefortrinna norsk industri og næringsliv har.

Verdien av at alle vert høyrde, kan delta i utviklinga av eigen arbeidsplass, eiga verksemd, eigne produkt og løysingar, er av uvurderleg verdi, både psykososialt og verdiskapingsmessig.

Verdien av at alle vert høyrde, kan delta i utviklinga av eigen arbeidsplass, eiga verksemd, eigne produkt og løysingar, er av uvurderleg verdi, både psykososialt og verdiskapingsmessig

Terje Breivik

Venstre er svært glade for at me har ei robust arbeidsmiljølov og -regelverk i Norge. Noko me ikkje minst har sett verdien av under koronakrisa, der me som samfunn og fellesskap i stort har evna å snu oss rundt og gje dei fleste tryggleik, sjølv i ei gjennomgripande krise.

Eg og Venstre er óg svært glade for at det eigentleg er tverrpolitisk semje om dei store linjene knytt til arbeidsmiljølova.

Eg er faktisk så frimodig at eg påstår – etter sjølv å ha sete i arbeids- og sosialkomiteen her på huset ein periode – at det meste som er av usemje på feltet er meir eller mindre konstruert fordi ulike parti og interesser har interesse av å dyrka og skapa intrykk av at konfliktane er langt større enn dei faktisk er.

Med andre ord, president, har me alle føresetnadar for å modernisera og tilpassa arbeidsmiljølovverket i takt med behova både arbeidstakarane, arbeidsgjevarane og samfunnet har.

Og i ein kvardag som er prega av digitalisering og auka krav til fleksibilitet, enten på grunn av karakteren av arbeidet eller behova arbeidstakaren måtte ha til å ta arbeidet med seg, er det rimeleg opplagt at regelverket må tilpassast og endrast.

For Venstre er det i så måte essensielt at arbeidstakarane skal ha den same tryggleiken knytt til arbeidsmiljø, rettar og rammeverk som i den “gamle” arbeidsdagen der arbeidet i all hovudsak føregjekk i lokala arbeidsgjevar stilte til disposisjon.

Samstundes ser me arbeidsgjevarar som kan ha behov for noko større fleksibilitet knytt til defineringa av normalarbeidsdag, kveldsarbeid og kva som skal leggast til rette for på arbeidsplassen. Dei treng óg ei tydeleggjering av plikter og rettar av til dømes av personvernmessig karakter.

Det kan vera behov for å sjå på forenklingar og endringar som legg betre til rette for eit meir fleksibelt arbeidsliv, og det kan vera gode grunnar til å sjå på arbeidstidsavgjerdene som i dag gjeld, slik at det blir betre og meir fleksibelt for arbeidstakarane.

Arbeidsmiljølova og anna regelverk er ikkje godt nok tilpassa ein ny arbeidskvardag, verken i eit kortsiktig eller langsiktig perspektiv, med auka bruk av heimekontor og større grad av fleksibilitet rundt når arbeidet vert utført.

Det «nye arbeidslivet» kom ikkje med koronakrisa, men har vorte ytterlegare aktualisert av ho – ikkje minst kva gjeld omfanget av heimekontorbruk. Og fleire hevdar, truleg med rette, at krisa vil føra til varige endringar i arbeidsmønsteret.

Heldigvis ser det ut til at mange trivst med å jobba heimafrå. Men med dagens situasjon er heimekontoret for mange ei situasjonspåtvinga løysing.

Regelverket skil heller ikkje mellom pålagt heimekontor eller frivillig avtalt heimekontor. Situasjonen me er i er nokså ny og mellombels, men for framtida er det viktig at me lagar eit regelverk som differensierer innhaldet sitt ut frå om heimekontorordninga er pålagt eller ikkje.

For Venstre er det viktig at heimearbeid i ei normalsituasjon må bygga på reell frivilligheit for den tilsette. Hovudregelen må vera at alle har mogelegheit til å arbeida i lokala til verksemda om dei ønsker det.

For Venstre er det viktig at heimearbeid i ei normalsituasjon må bygga på reell frivilligheit for den tilsette. Hovudregelen må vera at alle har mogelegheit til å arbeida i lokala til verksemda om dei ønsker det.

Terje Breivik

I ein arbeidskvardag der ein vekslar mellom å vera på kontoret og jobba heimefrå meiner me arbeidsgjevarane må sikra at dei tilsette har nødvendige hjelpemiddel og infrastruktur for å kunna utføra jobben sin.

Undersøkingar viser at to av ti arbeidstakarar ikkje har fått dekt noko av kostnadane knytt til tilrettelegging i form av ny infrastruktur under koronakrisa. Derfor kan det vera lurt å få på plass ei overordna regulering om dette i lovverket, sjølv om mykje framleis bør avtalast lokalt mellom partane.

Dei tillitsvalde har ein viktig funksjon for å ta vare på kollegaene sine. Dei er bindeleddet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Mange fungerer óg som eit viktig sosialt lim i organisasjonen dei arbeider i. Den tillitsvalde si rolle i å bidra til gode heimekontorløysningar bør vurderast lyfta fram i regelverket i framtida.

Det psykososiale arbeidsmiljøet blir påverka ved arbeid andre stader enn på arbeidsplassen. Nokre føler seg meir einsame, andre rapporterer om psykiske plager. Over seksti prosent slit med å skilja arbeid og fritid når dei er på heimekontor.

Det viser at leiing ved bruk av heimekontor er ekstremt viktig. Men det er óg slik at dagens regelverk ikkje omfattar det psykososiale arbeidsmiljøet på heimekontoret i nokon særleg grad. Det vert omfatta av arbeidsmiljøomgrepet i lovverket, men kan nok med fordel lyftast fram og koma meir direkte av føresegna.

Avslutningsvis, president, vil eg gje regjeringja og statråden honnør for at dei har varsla at endringar i heimekontorføresegna kjem på høyring.

Likevel trur eg det er viktig å vera tydeleg på at det ikkje er nok. Den nye arbeidskvardagen krev ein heilskapleg gjennomgang av ei rekkje reglar utover dette – og det håper eg regjeringa vil sjå på.

På bakgrunn av dette vil eg spørja statsråden, kva grep vil statsråden ta for å møta utfordringane som så mange opplever knytte til den nye arbeidskvardagen?