Holvikejekta blir prioritert i Regjeringa si Museumsmelding

Olve Grotle (Høgre ), Olav Klungre (Krf), Kjartan Aa Berge (direktør Sogn og Fjordane Museum, Alfred Bjørlo (Venstre). , Foto: Vestland Venstre

Regjeringa foreslår eit særskilt løft for kystkulturen og bygningsarven ved musea i
den nye Museumsmeldinga som blir lagt fram fredag 26. mars. Som del av satsinga på
kystkultur og bygningsarv vil regjeringa prioritere investeringsmidlar til eit verne- og
formidlingsbygg for Holvikejekta.


– Holvikejekta er ein unik kulturskatt i Gloppen og Nordfjord, og eitt av dei viktigaste maritime
kulturminna i Noreg. Eg er utruleg glad for at regjeringa og Kulturminister Abid Raja no
varslar at vi skal satse på kystkulturen og ta vare på Holvikejekta for framtida, seier Venstre
sin 1. kandidat i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo.

Bakgrunn om Holvikejekta:
Frå middelalderen fram til ca 1900 var det hundrevis av jekter frå Finnmark i nord til
Rogaland i sør som frakta varer til og frå Bergen (ei jekt er eit ope fraktefarty segla med mast
og råsegl). Dette er middelalderen sitt fraktefartøy, med nært slektskap til vikingane sin knarr.
No står berre éi jekt igjen, Holvikejekta ved Gloppefjorden i Nordfjord. Holvikejekta, bygd på
Sandane i 1881, har stått i eit ope naust sidan ho vart sett på land i 1907. Jekta er eigd av
Musea i Sogn og Fjordane. Det har i ei årrekke vore arbeidd med å få på plass eit verne- og
formidlingsbygg.

Holvikejekta er anerkjent av fagmiljøa (Norsk forening for fartøyvern, Forbundet Kysten,
Jektefartmuseet og fagpersonar frå Vikingskipmuseet, Sjøfartsmusea og universiteta) som
eitt av dei viktigaste maritime kulturminna i Noreg. Medan andre jekter vart ombygd eller
destruerte, vart Holvikejekta bevart i opphaveleg stand.

Holvikejekta er uvanleg stor: 20 meter lang og 8,5 meter brei. Den er klinkebygd, ein 3000 år
gammal byggeteknikk som framleis er levande i dagens vestlandske tradisjonsbåtar.
Holvikejekta er det største klinkbygde fartyet i Nord-Europa.

Effekten av det planlagde byggeprosjektet er å sikre jekta som historisk kjelde og å auke
attraksjonsverdien, skape fleire besøkande og auke opplevingsverdien til dei som kjem.