Ein framtidsretta ruspolitikk må hjelpe, ikkje straffe

Snart skal Stortinget behandle regjeringa sitt framlegg til rusreform, ei av dei største sosiale reformane på mange år. Målet er styrkt førebygging, skadereduksjon og rusfridom. Vi skal som samfunn slutte å behandle rusavhengige som kriminelle, og i staden gje den hjelpa og behandlinga dei treng.

(Dette innlegget vart første gong publisert i Sogn Avis)

Venstre har gjennom mange år kjempa for ein kunnskapsbasert og human narkotikapolitikk. Reforma byggjer i stor grad på forslaget frå Rusreformutvalet. Eit hovudprinsipp er at narkotika framleis skal vere forbode, men brukarar skal ikkje lenger straffast for å ha mindre mengder til eige bruk.

Målet med reforma er å hindre at folk dør, korte ned vegen til nødvendig helsehjelp og fjerne den systematiske stigmatiseringa som rusavhengige møter. Straff hindrar ikkje bruk av narkotika. Straff gjev ingen hjelp for folk som rusar seg. Tvert imot kan straff gjere vegen til hjelp, behandling og eit godt liv vansklegare.

Rus og sviktande psykisk helse går ofte hand i hand. Rusen blir for mange hjelpa for å handtere angst og traumer. Psykiske lidingar og helseproblem etter rusbruk er omfattande, Noreg er i toppen av dystre overdosestatistikkar, medan samfunnet og systema våre ser sjuke menneske som kriminelle. Og berre så det er sagt: det handlar om langt fleire enn dei vi ofte først tenker på, dei mest slitne og gamle heroinbrukarane.

Rusreforma er eit vendepunkt, frå straff til hjelp, og ei kraftsatsing på behandlingsopplegg, bu- og arbeidsmulegheiter. Likevel har Senterpartiet sagt at dei ikkje vil støtte reforma, og AP er delte.

Motstandarane av reforma meiner at avkriminalisering ikkje skal gjelde for alle, fordi dei fryktar at fleire ungdommar då vil prøve ut ulovlege rusmidlar. I følgje Folkehelseinstituttet har rundt ein av fire nordmenn mellom 16 og 64 erfaringar med cannabis, og bruken har auka sidan 2009. Trass i forbud, bøter og fengselsstraff. Det finst ikkje forsking som seier at dagens straffepolitikk hindrar bruk. Derimot er det mykje som talar for at straff ikkje er effektiv hjelp.

Dagens strafferegime er også problematisk, fordi den treff sosialt skeivt. Lars Andreas Kvisle, psykolog og spesialist i rus og avhengigheitspsykologi skriv i ein kronikk i VG, 15.mars, at det er ungdom frå Oslo vest som brukar mest ulovlege rusmidlar. Likevel er det ungdom frå Oslo aust som oftast blir tekne for bruk, og difor også straffa.

Motstandarane av reformen meiner også at viktige verktøy for førebyggande arbeid mot unge blir borte, og løftar fram ruskontrakt som døme. Reformen legg ikkje opp til å redusere førebyggande arbeid. Politiet vil framleis jobbe førebyggande og med å avdekke bruk. Politiet vil framleis jobbe tett med skule, barnevern og foreldre. Og ruskontrakt kan virke godt for nokre, men synast ikkje treffe alle.

Professor i rettsvitenskap ved UiB, Hans Fredrik Marthinussen, skriv i BT 24.februar at forsking på ruskontrakt viser at det er dei ressurssterke ungdommane som har nytten. Dei klarer å gjennomføre slike program og slepp dermed straff. Kunnskapen vi har om at dagens strafferegime rammar sosialt ulikt og urettferdig må vi bruke til å forbetre verktøya.

Snart skal rusreforma til behandling. AP sit med nøkkelen. Vestland AP støttar reforma, det er vi glade for. Så kryssar vi fingrar for at landsmøtet og partiet i den vidare stortingsbehandlinga ser vestover, legg vekta på å forbetre framfor å forkaste og tek steget mot ein framtidsretta og human ruspolitikk med førebygging, skadereduksjon, rusfridom, verdigheit og hjelp til dei som treng det mest.

Alfred Bjørlo, Venstres 1. kandidat til Stortinget frå Sogn og Fjordane
Trude Risnes, Venstres 4. kandidat til Stortinget frå Sogn og Fjordane