Vi treng «Eit enklare ENOVA»

Alfred Bjørlo, Foto: Rebecca Amber

– Dagens firkanta system for støtte til energisparing i private heimar, er i praksis sløsing med energi og fører til auka press på kraftutbygging i norsk natur. Eg vil ta initiativ til at Venstre ryddar opp i dette, slik at det er enkelt og ubyråkratisk få støtte til ENØK og enkle energisparetiltak i eigen heim.

Det seier Alfred Bjørlo, ordførar for Venstre i Stad og førstekandidat til Stortinget i Sogn og Fjordane, som vil ta saka opp på Venstre sitt landsmøte til helga.

– Eg er særleg kritisk til at dagens ordningar gjennom ENOVA for oppgradering av eldre eneboliger er innretta slik at du må ta heile huset opp til ny standard for å få tilskot. Dette hindrar i praksis mykje godt, praktisk ENØK-arbeid rundt om i gamle hus over heile landet. Det må bli mogleg å få støtte på ein enkel og ubyråkratisk måte til å betre energi-standarden i gamle hus «skritt for skritt», slik at det blir lettare for folk flest å få gjort det i ein travel kvardag. Det vil også bety mykje for sysselsetjing i byggenæringa over heile landet, og stimulere til auka aktivitet og å ta vare på norske handverkstradisjonar, seier Alfred Bjørlo.

– Vi veit at ein halv million bustader bygd mellom 1945 og 1980 no treng oppgradering. Samtidig har Stortinget – etter initiativ frå Venstre – vedtatt mål om 10 TWh energisparing i eksisterande bygg innan 2030. Det blir til og med løyvd store summar over statsbudsjettet kvart år til energitiltak i bygg – men pengane kjem rett og slett ikkje godt nok «i arbeid» slik ENOVA sitt regelverk no er.

Å renovere bygg hanlar også om naturvern. Energieffektivisering av bygg frigjer energi som kan nyttast til andre formål, og er dermed også med på å redusere presset på utbygging av ny vindkraft og vasskraft i norsk natur, seier Venstre-politikar Alfred Bjørlo.