Venstres landsmøte – fridom og moglegheiter

Foto: Venstre

Vedtok eit program for fridom og moglegheiter på Vestlandet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn meiner Venstre sitt nye stortingsprogram er ei oppskrift på korleis Vestlandet skal lukkast med den grøne omstillinga. Han er partiets førstekandidat i Hordaland valkrins ved haustens val.

– Klimaendringane krev at vi endrar heile samfunnet. Meir enn nokon anna stad i landet vil vi merke denne omstillinga, enn her på Vestlandet.

– Venstre har vedteke eit ambisiøst program for grøn omstilling. Vårt mål er å bygge på ekspertisen frå olje og gassindustrien til å produsere hydrogen, utvikle flytande havvind, lukkast med karbonfangst og -lagring og skape nye jobbar, seier Rotevatn.

Andrekandidat Ane Breivik trekkjer frem vern av Arktis.

– Eg er overlukkeleg for at Venstre har gått inn for å stanse ny oljeleiting og skal jobbe for eit internasjonalt klimavern av Arktis. Tida for å leite etter meir olje og gass er forbi, slår ho fast.

– Vi må ta i bruk alle dei grøne løysningane og skape arbeidsplassar samtidig. Vestlandet skal ikkje vere sist ut av fossilalderen, men først inn i fornybaralderen, seier Rotevatn.

Vedtok ny distriktspolitikk.

Venstre ønsker en ny nærings- og distriktspolitikk for hele landet.

– Koronapandemien har vist at fysiske arbeidsplassar ikkje treng å vere samla eller lokalisert til store byer eller sentra. Det gjev nye mogelegheiter, og utfordrar staten til å tenkje radikalt nytt, sier Rotevatn. – Fleire statlege arbeidsplassar kan no lokaliserast i distrikta, seier han.