8. mai-tale 2021 på Eksersisplassen på Nordfjordeid

Alfred Bjørlo 8. mai , Foto: Stad Venstre

Tale for dagen av Alfred Bjørlo, ordførar i Stad

Kjære alle saman: Velkomen til markeringa av 8. mai 2021 her på Eksersisplasssen – til ei felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Røde Kors-dagen med Stad, Stryn og Gloppen kommune som vertskap saman med Eid Røde Kors.

Også i år er det ei spesiell feiring – i ei spesiell tid. Vi har levd med koronapandemien eit drygt år – og tel no ned dagane og vekene til samfunnet opnar opp igjen.

Korona-pandemien kom som eit sjokk på oss som samfunn – sjølv om vi strengt tatt burde ha vore budde. Når vi har kome oss gjennom han – betre i Noreg enn i kanskje noko anna europeisk land – er det fordi vi har klart å møte krisa saman. På grunn av tillit, samarbeid, at vi har klart å sjå forbi vår eigen nasetipp og i staden sjå etter kva som er det beste for heile samfunnet i ei krisetid.

Dette – verdien av samarbeid, samhald og lagånd – er den raude tråden i alle dei hendingane vi markerer i dag.

Røde Kors sin berande idé er å vere ei støttande hand for menneske som treng hjelp – i krig og kriser, men også i ein grå kvardag. Røde Kors har stilt opp også under pandemien her i vårt lokalsamfunn – og eg vil nytte høve her i dag til å takke særskilt for det.

Veteranane våre – dei over 120 000 menn og kvinner som har delteke i internasjonale operasjonar med det norske flagget på brystet frå 1947 fram til i dag – dei veit alt om betydinga av samhald og lagånd. Dei har gjort ein sjølvoppofrande innsats på vegne av alle oss andre som fortener uendeleg stor takk og respekt. Det å trene på og gjennomføre militære operasjonar handlar svært sjeldan om «den eine helten» som på eiga hand trassar farane og ordnar opp i brasene. Militære operasjonar handlar ikkje om det, men om samarbeid. Om å stille opp for kvarandre, ha respekt for kvarandre, om i ytste konsekvens ofre seg for andre. Egoisten kan vinne eit slag, men han vinn ingen krig. Lagspelaren gjer det.

Og samarbeid, fellesskap, lagånd – det var også avgjerande for at Noreg kom seg gjennom dei mørke åra okkupert av ei framand makt frå 1940 til 1945. Og ikkje minst: At vi kom oss så raskt vidare som nasjon etterpå – som eit i all hovudsak samla land.

Vi greidde å halde på fellesskapet og lagånda gjennom krisa. Det betalte seg i tifold når vi kom ut att på den andre sida.

Der vi mislukkast etter andre verdskrigen, var det nettopp fordi vi sette nokon på utsida av fellesskapet – i staden for å sjå menneske som sleit og strekke ut ei hand. For nei: Det norske samfunnet tok ikkje skikkeleg vare på krigsseglarane – som var utsett for psykiske påkjenningar gjennom krigsåra som overgår det meste vi i dag kan forestille oss. Vi behandla ikkje skikkeleg mange av dei jentene som vart forelska i ein tysk soldat og fekk barn med han – for ikkje å snakke om dei heilt uskuldige borna deira.

Og fleire unntak finst. Men uansett står det fast: Det norske samfunnet «rakna ikkje i saumane» når den store krisa traff oss i krigsåra 1940-1945. Vi kom gjennom det – og med lærdommen derfrå bør vi også klare å møte alle andre mindre kriser vi no står føre i fredstid – i eit samfunn med uendeleg mange fleire ressursar å spele på enn kva Noreg hadde i 1940.

Fordi det å skape fellesskap, å skape samhald, det at folk kjenner seg inkludert og ikkje sett utanfor – det er avgjerande for å skape eit godt samfunn.

Det er jobb nr 1 vi alle kan gjere i vårt eige lokalsamfunn. Sørge for at alle er med – at alle blir sett. At vi i stort og smått ser verdien av å samarbeide. Og at det samtidig stiller krav. Til at vi alle må bidra med det vi kan. At solidaritet ikkje er noko staten, kommunen, eller «dei andre» skal ta seg av – men at det også er eit personleg ansvar for oss alle. Med fridom følgjer også ansvar. Dei gode samfunna klarer begge deler.

Eg skal no snart saman med representantar for Stryn og Gloppen kommune legge ned ein blome på det vakre minnesmerket «Sørgende Mor», reist over nordfjordingane som fall i andre verdskrigen.

Men då må eg først få lov å fortelje historia om korleis dette minnesmerket blir til – ei historie eg ofte tenkjer på, fordi det er ei historie om ukueleg, trassig optimisme i ei krisetid – og om at du aldri skal gje opp trua på ei betre framtid.

Sommaren 1941 – medan andre verdskrigen raste på sitt verste, medan Konge og Storting var i eksil, medan det meste av Europa var okkupert og ingen visste kva enden ville bli – då samla styret i ungdomslaget i Nordfjord, Firda Ungdomslag, seg. Dei gjorde følgjande vedtak, som seinare same år vart stadfesta av årsmøtet halde i Rotvin Ungdomslag i lagshuset oppe på Bjørlo: “Firda ungdomslag tek opp arbeidet for å reisa minnesmerke for alle dei nordfjordingar som fall i krigen. Det er meininga å få dette minnesmerket reist når krigen er slutt.

Altså: Ikkje “om krigen tek slutt”, men “når krigen er slutt”. Underforstått: Når vi har vunne siger – og tatt landet vårt tilbake.

Fire år seinare – 8. mai 1945 – kom dagen. Okkupasjonen tok slutt. Og mellom alt det som då måtte gjerast for å bygge landet og samfunnet opp att, tok Firda Ungdomslag opp att arbeidet med å reise minnesmerket over dei frå Nordfjord som fall i krigen.

Dei samla inn pengar i by og bygd, med formannen i laget, Einar Skarstein frå Olden, som drivande kraft. Dei engasjerte ein av dei fremste skulptørane i Noreg, Dyre Vaa.

Og søndag 30. juli 1950 var den store dagen komen. Over 2.500 menneske frå heile Nordfjord var då samla her på Plassen for å avduke monumentet vi no står attmed – i dag kalla “Sørgende Mor” av Dyre Vaa, sjølv om det den gong ikkje hadde det namnet.

Og merk dykk følgjande: Det talarane den gongen understreka med 2.500 tilhøyrarar som vitne, var at dette monumentet ikkje berre skulle peike bakover – til dei som fall i krigen.

Det skulle like mykje peike framover. Monumentet bak oss skulle vere ein “..appell til komande slekter“. Ei påminning om “..å halde plikt- og offerbodet lysande for auga“, og om “..i dagleg livsføring ikkje setje fridomen i spel på ny“. Om å vere budde til å stille opp på nytt dersom det skulle røyne på.

Kjære alle saman: Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv. Fred og fridom må kjempast for, forsvarast og vinnast. Igjen og igjen. Og det er aldri berre “nokon andre” sitt ansvar. Det er også vårt.

Så eg vil med dette be varaordførar Torstein Tvinnereim i Stryn og Kommunedirektør Anders Skipenes i Gloppen om å kome fram – slik at vi saman kan gjere ære på dei vi minnest spesielt her i dag: Nordfjordingane som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45.

Fred over deira minne.

 

Nordfjordeid, 8. mai 2021