Landbruket – ei grøn framtidsnæring

Gårdsbruk , Foto: Unsplash.com

I den grøne omstillinga av det norske samfunnet er ikkje norsk landbruk og den norske bonden eit problem, men ein del av løysinga. Norsk landbruk ER ein del av det grøne, reine næringslivet vi skal leve av i framtida. Det vil kreve omstilling også av landbruket. Men det vil først og fremst kreve ei sterk, levande og mangfaldig landbruksnæring som dyrkar jord, produserer mat og er til stades over heile landet – der naturressursane ER.

Bøndene på Vestlandet står for kunnskap, yrkesstoltheit, matvaresikkerheit og forvaltning av norsk kulturarv. Landbruket handlar om å skaffe på bordet den maten som vi treng kvar einaste dag – og som i framtida må sikrast endå meir nært og endå meir reint og klimavenleg enn i dag. Landbruket er ei spesiell næring i den forstand at ho må drivast og utviklast i eit livstid-perspektiv. Det å vere bonde er eit yrke du ikkje kan «hoppe inn og ut av» ettersom tidene er dårlege eller gode.

Vestland Venstre meiner landbruksnæringa må opp på eit inntektsnivå som speglar både ansvar, utvikling, yrkessituasjon og arbeidsmengde. Vi ønskjer eit jordbruksoppgjer i 2021 som reelt reduserer inntektsgapet til andre yrkesgrupper, som legg til rette for eit aktivt landbruk over heile landet og der det kjem på plass ein god investeringspakke for overgang til lausdrift for kjøt- og mjølkeproduksjon. Vi oppmodar Venstre si stortingsgruppe til å medverke til ei løysing som sikrar dette når jordbruksoppgjeret no skal handsamast på Stortinget.