Vestland Venstre sin miljøpris 2021

Utdeling av Vestland Venstres miljøpris 2021
Fylkesleiar Åsta Årøen og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn delte ut Vestland Venstres miljørpris på miljødagen 2021., Foto: Elizabeth Toft Erichsen

Vestland Venstre deler årleg ut ein miljøpris, som vert delt ut på verdas miljødag 5.juni.

Vestland Venstre sin miljøpris for 2021 går til Liegruppen – og spesielt til den nye «Libas». Prisen vart delt ut av klima- og miljøminister, og 1.kandidat til stortingsvalet Sveinung Rotevatn hjå Liegruppen på Liaskjæret.

23.mars i år la «Libas» med sine 86,1 meter blått og kvitt skrog endeleg til kai ved heimehamna på Lie på Sotra. «Libas» er verdas første fiskefartøy som vert drive av LNG.

Skipet er bygd ved Cemre Shipyard i Tyrkia. Allereie ved heimkomsten var regjeringa sitt klimamål om å kutte utslepp med 50 % nådd!

Annonse_Klima_Liegruppen
Annonnse frå Vestnytt 5.mars 2021

Planlegginga av båten starta i 2016, då Liegruppen gav Salt Ship design oppdraget med å utvikla ein fiskebåt ulik alt som tidlegare har vore bygd. Her var det miljø som skulle stå i fokus.

«Libas» er bygd med 350 cum LNG tank, som i lag med ein stor batteripakke vert nytta til framdrift. Den har og vatnturbinar i stabilisatortankane.

Enova har bidrege med 7 millionar i støtte til miljøvenleg teknologi ombord i båten

Med denne nyvinninga har Liegruppen levert eit av dei beste eksempla på at næringsutøvarane tek det grøne skiftet på alvor og driv det framover. Å kutte i utslepp av klimagassar er heilt naudsynt for å stoppe oppvarminga av kloden me bur på.

Innovative menneske som dei her i Liegruppen både inspirerer oss og gjev oss tru på framtida.

Prisen er eit diplom og blomar.