15,8 millionar til innovasjonsprosjekt i Nordfjord

Alfred Bjørlo , Foto: Helle Frogner

Ecobait AS frå Måløy i Kinn kommune får i dag eit tilskot på 15,8 millionar kroner til eit innovasjonsprosjekt gjennom Forskingsrådet, knytt til produksjon av agn som kan hindre bifangst av trua fiskeartar innanfor line og teinefiske.

– Det er gjort ein fabelaktig jobb over mange år med å bygge opp eit sterkt, samla FoU-miljø i Måløy knytt til det frå før sterke næringsmiljøet innanfor fiskeri i Ytre Nordfjord. At Ecobait no får tilslag på eit så stort innovasjonsprosjekt frå «høgste hald» innanfor forsking i Noreg, er eit synleg prov på at denne satsinga er rett, seier Venstre sin førstekandidat til Stortinget i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo.

Eit innovasjonsprosjekt er eit bedriftsleia samarbeidsprosjekt som har omfattande innhald av forsking og utvikling. Innovasjonsprosjekt skal føre til omstilling og berekraftig verdiskaping for bedriftene som deltar, og samtidig gje heile samfunnet gevinstar ved at ny kunnskap og nye løysingar blir spreidde og blir tilgjengelege. Totalt skal 1,3 milliardar kroner delast ut av Forskingsrådet til innovasjonsprosjekt i næringslivet i 2021.

– Vi er heldige som har så mange bedrifter som tør å satse på forsking og utvikling. Forsking gir bedriftene eit konkurransefortrinn som igjen bidrar til å skapa nye jobbar og løysingar. Det treng Noreg for å løysa dei utfordringane vi skal handtera i åra som kjem, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

– Det har vore ei prioritert sak for Venstre og regjeringa å auke satsinga på næringsretta forsking, og at det skal kome også distriktsnæringslivet til gode. Vi treng meir innovasjon og forsking for å skapa endå fleire grøne, berekraftige arbeidsplassar på kysten av Sogn og Fjordane og Vestlandet elles i framtida. Ecobait er eit stjerneeksempel på kva dette handlar om, seier Venstres stortingskandidat Alfred Bjørlo.