Fridom til å ta med jobben dit du vil bu!

Guri og Alfred
Guri og Alfred i arbeid., Venstre

I februar foreslo Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Stad å innføre ein «flytterett til eigen jobb» i staten. No, berre fire månader etterpå, fylgjer Venstre og regjeringa etter med å legge til rette for «staduavhengige arbeidsplassar» på alle nivå i staten.

Bjørlo sjølv, som òg er 1. kandidat til Stortinget for Venstre i Sogn og Fjordane, er svært nøgd med gjennomslaget:

– Dette er det endelege gjennombrotet: No skal staten flytte ut! Dette er ein Venstre-siger som vil bety enormt mykje for folk sin fridom til å velje kvar dei skal leve livet sitt – også i distrikts-Noreg.

Målet er å leggje til rette for at statleg tilsette kan arbeide frå «distrikts-hubar» over heile Noreg – ikkje berre frå hovudkontorbygg i større byar. Tiltaket er ein del av distriktsstrategiane regjeringa skal leggje fram.

Venstre-leiar Guri Melby meiner staduavhengige arbeidsplassar er godt nytt for distrikta:

– Etter koronapandemien har vi lært at det er rom for meir fleksibilitet i arbeidskvardagen, og at det er mogleg å gje arbeidstakarane større valfridom. Eg trur mange kjenner på at auka høve til heimekontor har gjeve enklare kvardagar, mindre pendling og kan hende betre klimasamvit. Med denne ordninga vert det mogleg å ha fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta, noko som kan gjere valet om å flytte heim eller ut av byen mykje enklare for fleire.

Bjørlo viser til at det no skal lagast ein ny modell for statleg samlokalisering i distrikta i hans kommune:

– Venstre-leia Stad kommune har gått i bresjen for ein ny modell for statlege «distrikts-hubar», der vi lagar eit felles statleg arbeids- og kompetansemiljø på tvers av sektorar og «siloar». Med denne nye avgjerda frå regjeringa er det endeleg klart at «Distriktshub Stad/ Statens Hus Stad» blir den nasjonale føregangsmodellen.

Han har tru på at dette er framtida:

– Målet skal vere: Eit felles arbeidsmiljø for folk som vil bu og leve det gode liv i distrikta – utan å måtte seie frå seg karrieremoglegheiter i ein statleg etat. Dette er framtidas distriktspolitikk – no tek også staten spranget inn i ei ny tid, seier Alfred Bjørlo.