Vil betre levevilkåra for bier og humler

Sveinung Rotevatn
Venstre-nestleiar og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, Foto: Helle Frogner

Bier, humler og andre pollinerande insekt er heilt avgjerande for tilstanden i økosystema på land og for oss menneske. No har Venstre-nestleiar og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn lagd fram regjeringa sin tiltaksplan for ville pollinerande insekt, som skal betre situasjonen deira i Noreg.

Tiltaka som Venstre og regjeringa la fram skal betre kunnskapen om og tilstanden for dei pollinerande insekta, som treng meir og betre leveområde, som blomerik eng.

-Planen vi no legg fram beskriv status for ei rekke tiltak som allereie er i gong, i tillegg til 24 nye tiltak i regi av statlege sektorar. Planen viser korleis statlege sektorar tar ytterlegare grep for å betre høva for pollinerande insekt gjennom konkrete tiltak, seier Rotevatn.

Omsynet til pollinerande insekt skal styrkast

Regjeringa skal styrke kartlegging av areal viktig for pollinerande insekt. Omsynet til ville pollinerande insekt skal styrkast i kommunal forvaltning, og nokon kommunar som ønsker det skal bli føregangskommunar for tiltak dei kan gjere for pollinerande insekt. Eit tiltak skal sjå på korleis nasjonale styringsverktøy kan nyttast og styrkast for å redusere tapet av leveområde for pollinerande insekt. For å kunne seie kor utviklinga går i Noreg er det også starta eit overvakingsprogram for ville pollinerande insekt.

Tiltaksplanen som regjeringa legg fram i dag er ei oppfølging av den nasjonale pollinatorstrategien frå 2018. Sidan 2018 er det mellom anna oppretta ei tilskotsordning for pollinatortiltak, igangsett eit nasjonalt overvakingsprogram for ville pollinerande insekt og ei tilskotsordning til blomestriper i jordbruket.

Tiltaksplanen omfattar ikkje berre miljø- og landbrukssektorane, men også olje- og energisektoren, samferdselssektoren, forsvarssektoren og kommunal sektor, og tar slik ein heilskapleg tilnærming til utfordringane.