Venstre skal byggje K5 – raskare og tryggare fra Voss til Bergen

Foto: Tove Lise Mossestad

Det ligg ein del kommunar rundt Bergen som alle har fått oppgradert reisevegen inn mot byen. No er snart den nye vegen frå Os klar. Det kjem ny Sotrabru. Og bruene til Askøy og Nordhordland er alle mykje yngre enn traseen mot Voss.

Men Voss skil seg ut på ein måte: Det er den einaste større tettstaden på Vestlandet som har jernbanesamband med Noregs nest største by. Skal me byggja eit miljøvenleg samfunn for framtida, må folk kunne reise med tog, ikkje berre bil. Difor er det turvande å få på plass K5, med både ny veg og ny jernbanetrasé på denne strekninga.

Eg er stolt over at me fekk inn K5 i regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan. Den var høgt på prioriteringslista til Venstre. Men kampen er ikkje over. Ingen av oss som kjempar for denne satsinga må tru at den vil kome av seg sjølv. Mykje pengar skal bli brukt på samferdsel i tida som kjem, og du skal ikkje langt ut av fylket før du møter på folk som ikkje forstår kor viktig denne vegen og jernbanen faktisk er.

Voss er i vekst. Gondolen lyfter bygda som turistdestinasjon, både om vinteren og om sommaren. Med Ekstremsportveko, Vossajazz og enorme idrettsprestasjonar set Voss seg sjølv på kartet gjennom heile året.

Men me treng berekraftig vekst. Eit miljøvenleg liv i distrikta, der me tek vare på naturen og kuttar utsleppa. Då må politikarane gjera det enklare å velja meir klimavenleg – og kva er vel då betre enn ein rask, trygg og behageleg togtur til Voss?

No er det val. Kven som sit med makta etter valet, vil avgjera om K5 blir byggja. Eg kan i alle fall lova at eg og Venstre skal kjempe for K5 i neste periode, slik me har gjort i denne.

Sveinung Rotevatn, 1. kandidat for Venstre i Hordaland