Florø kan bli fornybarhovudstaden

Kinn Venstre

«Dei fantaserer om at ting som enda ikkje er oppfunne skal komme inn og berge verden». Det skriv leiar i Kinn Senterparti, Nils Myklebust, på Facebook i frustrasjon over at klima og miljø har blitt den dominerande saka i valkampen, og at nokon på alvor trur at det finst reelle alternativ til fossil energi.

Vel, Nils Myklebust og Senterpartiet. Velkomen til Florø. Velkomen til den grøne framtida.

I Florø ligg hovudkontoret til Fjord1, som no er verdas største elektriske ferjerederi. Dei har i rekordfart revolusjonert ferjedrifta på Vestlandet med ny batteri-teknologi. Det kuttar klimautslepp og fornyar ferjeflåten – og skaper aktivitet og arbeidsplassar på verft og i underleverandør-industri langs heile kysten.

I Florø ligg Evoy, som har utvikla utsleppsfrie, elektriske framdriftssystem for båtar og no er klare til å rulle ut sine «ting», for å bruke Nils Myklebust sin terminologi, til heile verda. I vår opna verdas første lynladar for elbåtar i Florø.

I Florø ligg Fjord Base, som allereie har investert mange titals millionar i landstraum og har ambisjonar om å bli ein utsleppsfri, grøn forsyningsbase – med hydrogenproduksjon og berekraftig fiskeoppdrett i stor skala på land.

På kysten mellom Florø og Måløy/Selje kjem truleg verdas første hydrogenbåt i rute – takka vere den «seige», systematiske innsatsen Florø-miljøet har gjort for å vere klar på startstreken når hydrogen-teknologien er moden.

Så Nils Myklebust og Senterpartiet: Den grøne framtida er ikkje ei utopisk drøymeverd. Ho vert akkurat no rulla ut i stort tempo. Og knapt nokon stad går det raskare enn i Florø og i Kinn.

Eg og Venstre meiner Florø er på rett spor. Alt ligg til rette for at Florø om få år kan bli «fornybar-hovudstaden» på kysten av Vestlandet. Fjord Base kan bli eit grønt logistikk-knutepunkt på Vestlandet, noko som blir viktigare år for år i takt med utviklinga av hydrogen og andre grøne løysingar for sjøtransport og fornybar energi til havs. Når Stad Skipstunnel opnar om få år, vil Vestlandet for første gong henge skikkeleg saman sjøvegen. Då vil Florø bli endå meir strategisk plassert midt mellom Bergen og Ålesund.

Og fiskeri- og havbruksmiljøet i Florø, Måløy og kysten elles i Sogn og Fjordane er allereie i full gang med å omstille seg til ei framtid med strengare krav til miljø og berekraft. Med nye artar, nye agntypar, oppdrett på land og i lukka anlegg i sjø, elektrifisering og bygging av sterke verdikjeder frå FoU til ferdige produkt.

Senterpartiet må for min del berre halde fram å latterleggjere at «ting som ikkje er funne opp enno skal redde verden». Dei om det. Venstre vil vere garantisten for at den rivande utviklinga vi no ser i Florø og på kysten skal halde fram i fullt tempo – for å skape ny industri, nye arbeidsplassar, rein mat og transport til havs og raske klimakutt. Og ja: Eg trur at alt det som no skjer i Florø og på kysten elles faktisk er med på å berge verda.

Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane