Venstre vil ha veg i vellinga

Foto: Helle Frogner

Rassikring, trygge vegar, gul midtstripe og opprusting av eksterande fylkesvegar står først på Venstre sin vegprioriteringar. Og Venstre har alltid, og vil alltid kjempe for at vi har store nok vegbudsjett til å kunne prioritere dette.

Samferdslepolikk i distrikta handlar ikkje berre om veg. For Venstre er det viktig at folk skal kunne busetje seg der dei ønskjer og gje distrikta eit like grønt transporttilbod som byane. Det vil vi mellom anna gjere ved å leggje til rette for hyppigare frekvens for kollektivtrafikk i distrikta og satse på fleksible småskalaløysingar. Venstre vil også byggje betre ladeinfrastruktur for elbil i heile landet, etablere minst 30 hydrogenfyllestasjonar og eit nasjonalt nett av fyllestasjonar for biogass innan 2025.

Likevel er Venstre klare på at vi må framover må prioritere store midlar til vegbygging. Men store pengar kan fort gå opp i røyk, dersom vi ikkje brukar dei rett – på dei vegane som trengs mest i kvardagen.

Næringsliv og folk i distrikta treng først og fremst at vi investerer meir i fylkesvegnettet for å sikre varetransport og framkommelegheit. Vegar som i stor grad tener som skuleveg må bli tryggare. Vi treng gul midtstripe på riksvegane som bind landet i hopet. Og ikkje minst, i samband med klimaendringane, så treng vi meir enn nokon gong at vi sikrar oss mot ras og flaum.

Dette er grunnen til at Venstre i regjering leverer ei rekordsatsing på vegbudsjetta – deriblant for første gong ein eigen statleg pakke i ny Nasjonal Transportplan øyremerka til opprusting av eksisterande fylkesvegar. Og dette er grunnen til at vi endeleg no snart kjem i gong med mellom anna rassikring på Riksveg 5 Florø-Førde, ny vegløysing på E39 forbi Førde, ny Strynefjellstunnel og opprusting av Riksveg 13 i Sogn.

Ønskjer du å stemme på eit parti som prioriterer klima og miljø, men som samstundes prioriterer vegmidlar nok til å satse på rassikring og opprusting av vegane i distrikta, så stem Venstre i Sogn og Fjordane!

Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane

Gunhild Berge Stang, 2. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane