Venstre og Regjeringa fredar elbilmomsen i 2022

Foto: privat

– Eg er svært glad for at Venstre og Regjeringa no slår fast at momsfritaket for elbilar skal vidareførast uendra i 2022. Medan Ap og Sp vil gjere el-bilane folk treng i distrikts-Noreg dyrare, går Venstre i spissen for at folk også i distrikta skal ha råd til å kjøpe seg ein god, sterk og driftssikker elbil når tida er inne for bilbyte. Det seier Alfred Bjrølo, stortingskandidat for Venstre i Sogn og Fjordane.

I budsjettforslaget for 2022 går regjeringa inn for å vidareføre momsfritaket for elbilar uendra. Elbilsalet held fram å auke, og aukar no mest i typiske distriktsområde som Sogn og Fjordane og Finnmark.

Ap og Sp vil auke momsen

Både Ap, SV og Sp går til val på å innføre moms på elbilar som kostar meir enn 600 000,-. Det utgjer nær ein femtedel av elbilane som blir selde i dag.

– Ei avgiftsauke frå 1. januar 2022 vil gjere det mindre attraktivt å velje elbil for folk som bur i distrikta – det er direkte distriktsfiendtleg. I eit fylke som Sogn og Fjordane har mange bruk for større bilar med lang rekkevidde, betre lasteplass og tilhengarfeste, seier Alfred Bjørlo.

– For Venstre er det viktig å halde på elbilfordelane lengst mulig. Det er heilt avgjerande for å nå klimamåla våre, og for at ikkje distrikta skal bli hengande etter dei store byane når det gjeld utskifting av bilparken, seier Alfred Bjørlo.

Fakta 1: Nybilsalget august 2021: Elbilandelen fordelt på fylker

Fylkesoversikt (etter gammel fylkesstruktur): Fylke, elbilandel

  • Hele landet, 71,9%
  • Østfold, 70,8 %,
  • Akershus, 76,9 %
  • Oslo, 75,5 %
  • Hedmark, 64,4 %,
  • Oppland, 64,0 %g
  • Buskerud, 62,3 %
  • Vestfold, 70,9 %
  • Telemark, 67,1 %
  • Aust-Agder, 57,1 %
  • Vest-Agder, 65,0 %
  • Rogaland, 76,3 %
  • Hordaland, 80,8 %
  • Sogn og Fjordane, 61,7 %
  • Møre og Romsdal, 65,3 %
  • Trøndelag, 72,4 %
  • Nordland, 67,8 %
  • Troms, 64,3 %
  • Finnmark, 51,3 %

Fakta 2: Nå øker også elbilandelen i distriktene

  • Andelen helelektriske biler som ble solgt i Norge i august 2021 var 72 prosent. En vekst på 36 prosent fra samme måned i fjor.
  • Veksten er langt høyere i typiske distriktsområder som Sogn og Fjordane og Finnmark.
  • Målet til regjeringen er å halvere utslippene fra transportsektoren innen 2030. Vi er allerede på god vei. Siden toppåret i 2015 har de årlige utslippene av klimagasser fra veitrafikken gått ned fra 10,1 til 8,5 millioner tonn CO2-ekvivalenter i 2019.