Oktoberfest med Vestland Venstre

Sveinung og Alfred
Foto: Helle Frogner

Invitasjon.

Velkommen til Vestland Venstre sin oktoberfest.

Valkampen er tilbakelagt og vi kan seie oss godt nøgde med resultatet, at vi fekk inn ein kandidat i begge valkretsane. Dette var ikkje eit resultat som kom av seg sjølv, mange av dykk har stått hardt på og jobba inn stemme for stemme, under ganske hard konkurranse med dei andre partia, i valkampen. Dette har vore hardt arbeid.

No er det tid for å trekke pusten, ha det kjekt saman og reflektere rundt Vestland Venstre sin vidare veg. Kva kan vi ta med oss vidare av ting vi gjorde rett i denne valkampen, og korleis kan vi styrke organisasjonen vidare? Det er også eit fint høve til å bli betre kjent med stortingspolitikarane frå vår region.

Det er også lagt inn litt tid til kjekke aktivitetar. Samlinga skal være på Thon Hotel Bergen airport.

Vi legg opp til ei deltakeravgift på kr. 500 som dekker dagpakker, UV-pris kr. 250. Middag er gratis (drikke betalar du sjølv), men vi treng aktiv påmelding på førehand. Dei som treng overnatting får dekka ei natt og reiseutgifter opp til kr. 1000.

Overnatting frå fredag må dekkast av den enkelte, kanskje kan lokallaget bidra med nokre kroner?

MERK: Vi har eit tak på 50 deltakarar – så her gjeld det være om seg med påmelding! Påmelding skjer her.

Program for helga:

2.okt

12.00 – servering av lett måltid for dei som har reist litt.

12.30 – oppstart av program

12.30 – Velkommen – Åsta Årøen, leiar og Jan Henrik Nygård, nestleiar i Vestland Venstre

12.40 – 12.55 – kort «oppvarmingsøkt» mellom deltakarane slik at dei blir litt kjente

13.00 -13.45 Korleis byggjer vi Vestland Venstre – Alfred Bjørlo

13.45-14.15 pause, mingling vert oppmoda til!

14.15 – Stortingsvalget 2021 – evaluering- Ingrid Nergaard Fjeldstad, leiar av Vestland Venstre sitt valkmaputval.

15.15 – 15.45 Stoltheit og takksemd etter 8 år på Stortinget – Terje Breivik, avtroppande Stortingsrepresentant.

 

Program ein melder seg særleg på fram i tidsrommet 17.00-19.00

  • Vin & EU med Heine Johansen
  • Strikk og drikk
  • Spasertur i området

19.30 middag og fest

 

3.okt

10.00 – Slik skal Venstre vekse vidare – Sveinung Rotevatn

11.00 Korleis kan vi bli eit bredt folkeparti? Og korleis kan lokallag, fylkeslag og Stortingsgruppe spele kvarandre gode? – Jacob Nødseth, gruppeleiar i Kinn kommune

12.00 Lokalpolitikk i Vestland – gruppeleiarar og lokallagsleiarar presenterer seg og sitt lokallag, samt kva saker som er viktige framover.

13.00 Fylkestingsgruppeleiar sin halvtime

13.45 slutt

 

Vel møtt til ei kjekk helg!