Venstre krev lønnsstøtteordning – vil bidra til fleirtal

Nestleiar og finanspolitisk talsperson i Venstre, Sveinung Rotevatn., Foto: Liv Aarberg

– Tida for prat og unnskyldningar må vere over. Venstre vil ha ei rask og brei hjelpepakke til næringane som blir hardast ramma av nye koronatiltak., seier Sveinung Rotevatn, nestleiar og finanspolitisk talsperson i Venstre.

Rotevatn er bekymra for alle bedriftene som no tel på knappane og er i ferd med å permittere tilsatte, rett før jul:

– Ap- og Sp-regjeringa si manglande forståing for den dramatiske situasjonen folk i kultur-, serverings- og utelivsnæringa no står i, er sjokkerande. Å seie nei til ei lønnsstøtteordning er å kaste arbeidstakarane ut i kulda rett før jul. Å overlata dei til nok ei permittering er dårleg bruk av samfunnet sine ressursar og ei uverdig behandling av folk, seier Rotevatn.

Han meiner regjeringa ikkje har tatt innover seg konsekvensane av tiltaka dei har iverksett. Dagens økonomiske støtteordningar kompenserer for faste kostnadar, men ikkje lønnskostnadar.

– Julebord avbestillast på laupande band. Utelivsbransjen går glipp av høgsesongen og er allereie i gong med å permittere tilsatte. Vi treng ei lønnsstøtteordning no – derfor vil Venstre bidra viss eit fleirtal finn kvarandre, mot regjeringa. Vi har allereie registrert at FrP, SV og Raudt er for ei slik ordning, sier Rotevatn.

– Tida for prat og unnskyldningar må vere over. Lønnsstøtte og andre raske tiltak er ikkje berre «hyggelig og kjekt», slik Sps Geir Pollestad uttrykker det, eller ein «umoden debatt», som finansminister Trygve Slagsvold Vedum sa tidlegare i veka.

Det er ramme alvor viss arbeidsfolk skal ha ei anstendig inntekt og ein jobb å gå til før jul. Venstre vil ha ei rask og brei hjelpepakke til næringane som blir hardast ramma av nye koronatiltak.